Håpar på landslagsplass neste år

– Eg har veldig lyst til å spele på landslaget, det har vore ein draum sidan eg var liten, seier Gunhild Herregården som har eit håp om å bli tatt ut i 2016.

Gunhild Herregården

Gunnhild Herregården har skåra mål for Røa. Og vil gjerne spele på landslaget.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB Scanpix

Røas Gunhild Kvaalen Herregården frå Ulefoss er nær ein plass på landslaget. Herregården har hatt ein god sesong i midtforsvaret til Røa. Laget tok bronse i toppserien i år.

Den nye landslagssjefen Roger Finjord seier til TA at Herregården er ein av spelarane som er med i landslagsdiskusjonen.

– Det er moro å vite at eg nærmar meg, så får eg jobbe hardt for å ta eit steg vidare, seier Herregården.

Vil trene hardare

Gunhild Herregården

Gunnhild Herregården frå Ulefoss spelar på Røa i Toppserien.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Gunhild Herregården er ein spelar med veldig mange aldersbestemte landskampane. Landslagssjefen skal snart ha eit møte med trenaren til Røa.

– Det er eit ganske stort steg å ta frå aldersbestemte landslag til landslaget. For der er jo dei aller beste uansett alder.

Herregården seier at ho vil trene hardare for å bli betre både fysisk og fotballmessig for å ta det siste steget opp til landslaget.

– Men eg får håpe at eg klarer det før eg gir meg, seier Herregården.

Urædd viktig for Telemark

Gunnhild Herregården er veldig glad for at Urædd no rykkjer opp i toppserien for kvinner. Men førebels er det ikkje aktuelt med å bytte klubb.

– Det er kjempeviktig for kvinnefotballen i Telemark. Akkurat no har eg det veldig bra i Røa, og har veldig lyst til å vere med å ta Røa til toppen.

Herregården ser likevel ikkje bort frå at ho ein gong i framtida kjem til å spele for Urædd i toppserien.