Hopp til innhold

Krev at staten tar ansvar for farleg avfall

OSLO/PORSGRUNN (NRK): Staten må gripe inn når politikarane i Porsgrunn har sagt nei til eit nasjonalt deponi for farleg avfall i Brevik. Det meiner både leiar og nestleiar i Energi- og miljøkomiteen på Stortinget.

Terje Lien Aasland og Ola Elvestuen mener farlig avfall er et statlig ansvar.

Norcems gruver var tenkt som lagring av miljøfarleg avfall, men i Porsgrunn blei det i går politisk fleirtal for å stanse planane før konsekvensutgreiing.

Det finst ingen plan B, men leiar i Energi og miljøkomiteen, Ola Elvestuen, er klar på at nå må saka behandlast nasjonal.

Ola Elvestuen

Ola Elvestuen.

Foto: NRK

– Den politiske avgjerda i Porsgrunn viser at NOAH ikkje kan ta ansvaret åleine, seier Elvestuen som også er leiar i Venstre.

Han meiner staten må inn i prosessen for å finne ein ny lagringsplass for farleg avfall her i landet når avfallsanlegg til NOAH ved Langøya i Vestfold blir fullt.

– Vi må få vurdert ulike alternativ, og ta ei avgjerd. For landet må ha ein behandlingsplass for farleg avfall, seier Elvestuen.

Les også: Jubel for nei til giftdeponi i Brevik

Vil ikkje eksportere avfallet

Nestleiar i Energi- og miljøkomiteen, Terje Lien Aasland, som også er leiar i Telemark Arbeidarparti, støttar Venstre sitt syn på saka.

– No har demokratiet ikkje lukkast med å få ei tilslutning i Porsgrunn for å etablere eit mottak for farleg avfall. Nå er dette staten sitt ansvar, og då må regjeringa inn for å vurderer korleis denne situasjonen skal handterast vidare, seier Aasland.

Terje Lien Aasland

Terje Lien Aasland.

Foto: NRK

Han meiner landet må ha eit deponi for farleg avfall som kan vere trygt nok til at folk vil akseptere det.

Dei understrekar at det er ikkje er aktuelt å sende avfallet til utlandet. Løysinga må finst innanfor Norges grenser.

– Vi produserer farleg avfall. Og då må vi sjølve kunne ta hand om det. Det er ei nasjonal oppgåve, etter mi meining. Det er ikkje noko vi kan eksportere ut av landet, seier Aasland.

Les også: Bellona: – Norge i ferd med å havne i "deep shit"

Hastar med ei løysing

Deponiet NOAH har på Langøya kan drivast fram til 2022. Det betyr at det hastar med å finne ei ny løysing.

– Nå er vi i ein vanskeleg situasjon, og vi har dårleg tid. Prosessane må settast i gang av regjeringa med ein gong, så vi kan få ei avgjerd om kor behandlingsanlegget for farleg avfall skal ligge i framtida, seier Elvestuen.

Norsk Industri krev at norske styresmakter grip inn og brukar heimelen dei har i plan og bygningslova når lokaldemokratiet stoppar eit prosjekt før det er ferdig utgreidd.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark