Ordførar Erik Haatvedt i Tinn er godt nøgd med at utbygginga no endeleg er i gang.
- Det har tatt noko tid, men nå er det på tide å kome, seier Haatvedt.
Når skibakkane opnar om ein fire - fem månaders tid vil den første delen av Gaustautbygginga stå klar.
Bygger minihotell og storhytter
Det første spadestikket blei gjort i førre veke.
Arthur Buchardt bygger minihotell på Gaustablikk.
Og 19. november vil 100 nye rom stå klare for utleige, seier utbyggar Arthur Buchardt.
- Vi er i gang med å bygge fire såkalte minihotell eller storhytter, seier Buchardt.
Ordførar Erik Haatvedt seier at framleis er hindringar som gjer at Gausta Invest med Buchardt og Flatland ikkje får fullført utbygginga.
Fylkesmannen har kome med innvendingar og har satt ein førebels stopp for ein del av prosjektet.
- Vi har andre felt som bør kome igang med. Desse er godkjent av kommunen, men Fylkesmannen har innvendingar som vi må få løyst, seier Haatvedt.