Hopp til innhold

Forgifta maten til eksmannen med avføringsmiddel fleire gonger

Ekskona låste seg inn i huset hans og forgifta maten med avføringsmiddel. Heilt til ho blei fanga på overvakingskamera.

Avføringsmiddel

LAXOBERAL: Ekskona drypte Laxoberal i maten og drikka som stod i kjøleskapet til eksmannen.

Foto: Fredrik Hansen / NRK

Etter skilsmissa mellom paret byrja mannen frå Larvik å få kraftig diaré og magesmerter i fleire periodar over eitt års tid – utan å forstå kvifor. Ein gong måtte han leggjast inn på sjukehus på grunn av store smerter.

55-åringen hadde ikkje hatt problem med fordøyingssystemet før og forstod ikkje kva som skjedde.

– Eg gjekk rett i kjellaren. Var dette noko eg skulle leve med resten av livet, sa mannen då han forklarte seg i Vestfold tingrett tysdag, ifølgje Østlands-Posten.

No har dommen frå tingretten kome.

For å finne årsaka prøvde han å eliminere ulike matvarer, utan hell. Plagene heldt fram heilt fram til hausten 2019 då 55-åringen var på ferie i Spania i tre veker, utan nokon plager.

Då han kom heim byrja derimot dei same plagene å komme tilbake.

Han fekk mistanke om at kanskje maten han fekk i seg heime var årsaka og han merka seg at mjølka i kjøleskapet tidvis smakte søtt og at maten bytta plass i kjøleskapet.

Tatt på fersken

Han valde derfor å setje opp eit kamera i stova. Då såg han at ekskona hadde vore innom kjøleskapet hans om natta. Etter skilsmissa hadde ho framleis nøkkel til huset.

55-åringen melde forgiftinga til politiet. Ekskona blei arrestert og tilstod med ein gong.

I Vestfold tingrett innrømde ho å ha drypt middelet Laxoberal i mellom anna mjølka og raudbetsalaten til eksmannen tre eller fire gonger.

Tingretten meiner forgiftinga kan ha gått føre seg over eitt år fordi 55-åringen hadde same type plagar sidan våren 2018. Det er derimot ikkje bevis for det i saka.

Avføringsmiddel
Foto: Fredrik Hansen / NRK

Tøft brot

I retten sa ekskona at skilsmissa hadde vore ei stor personleg belastning for henne. fortalde at ho var sett igjen med ei skamkjensle.

Ho er i dag sjukemeld frå jobben sin og får tett oppfølgning av helsepersonell.

Den tidlegare ektemannen hennar sa òg i tingretten at han syntest ho har fått straffa si gjennom den belastninga saka har vore for henne.

– I ettertid kan eg nok sjå at vi ikkje løyste brotet optimalt. Det blei ei større belastning for henne enn eg tenkte, sa mannen i retten ifølgje Østlands-Posten.

Kvinna er no dømd til 30 dagar fengsel med prøvetid på to år.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark