Hopp til innhold

Tilbyr fleire kurs for bilførarar over 65 år: – Vil jo gjerne køyre rett

Eldre er høgt representert blant dei som har skulda i alvorlege trafikkulykker. No får fleire i denne aldersgruppa tilbod om kurs for å bli tryggare sjåførar.

Birger Andersen (84) og Erling Berg, prosjektleder for senioropplæringen til NAF i Tønsberg.

– LÆRER SÅ LENGE MAN LEVER: 84 år gamle Birger Andersen er engasjert kursdeltakar. Erling Berg er prosjektleiar for senioropplæringa til NAF i Tønsberg.

Foto: Nils Fridtjof Skumsvoll / NRK

Nyleg presenterte NRK ein rapport frå Utrykkingspolitiet som viser at det er grunn til å vere bekymra for bilistar i aldersgruppa over 75 år.

Dei utgjorde ein særleg stor del av dei drepne og av dei som var årsaka til ulykker på vegen i fjor.

Både politiet og fleire eldre NRK har snakka med trur oppfriskingskurs kan bidra til å gjere den aktuelle gruppa tryggare.

Pandemien sette ein stoppar for Vegvesenet sine kurs for bilførarar over 65 år, men no kjem tilbodet tilbake over store delar av landet.

NAF er allereie på banen, og opplever stor pågang.

Sterke meiningar

Gruppa rundt bordet hos NAF i Tønsberg diskuterer ivrig.

Fellesnemnaren er at alle har lang fartstid på vegen.

Kurs hos NAF for eldre sjåfører

NAF held jamleg kurs for eldre sjåførar.

Foto: Nils Fridtjof Skumsvoll / NRK

Nokon vil bremse ned i feltet for påkøyring på motorveg, medan andre vil trykkje på gassen.

Lys og uoppmerksame syklistar. Fotgjengarfelt, spegel, blindsone og rundkøyringar. Refleksbruk og glatt føre.

Birger Andersen (84) deltek på kurset for andre gong på tre år.

Birger Andersen (84)

KAN ALLTID BLI BETRE: Birger Andersen (84) fekk førarkort i godt vaksen alder, og trur både han og jamaldra sjåførar kan lære noko nytt.

Foto: Nils Fridtjof Skumsvoll / NRK

Han kjenner seg forholdsvis trygg bak rattet, men trur det er lurt å repetere jamleg.

– Ein vil jo gjerne køyre rett. Eg synest småkøyringa i byen kan vere vanskeleg. Når det er mange bilar rundt omkring heile tida, så gjeld det å køyre varsamt. Då er det betre å sleppe dei andre forbi.

Tom Ludvigsen (78)

Tom Ludvigsen deltek ivrig i diskusjonen rundt bordet når NAF held oppfriskingskurs for eldre sjåførar.

Foto: Nils Fridtjof Skumsvoll / NRK

Tom Ludvigsen (78) er samd, men trur også han kan tilføre noko undervegs.

– Eg har heilt sikkert mykje å lære, men eg er her også for å ri nokre kjepphestar, seier han, og nemner rundkøyringar og fletting som døme på trafikale utfordringar som kan irritere.

Han er ikkje overraska over at eldre er høgt representert i ulykkesstatistikken.

– Eg må jo berre akseptere at eg er i den gruppa vi snakkar om. Heilt feilfri er ein ikkje, ler han.

Sonja Bakken (77)

Sonja Bakken er ikkje redd for å køyre bil, men Oslo sentrum er avvist.

Foto: Nils Fridtjof Skumsvoll / NRK

Sonja Bakken (77) har køyrt mykje då ho var i jobb, men no blir det mindre.

– Eg er ikkje redd, men tenkjer meir over at eg må skjerpe meg.

Fleire kurs over heile landet

Ifølgje rapporten frå Utrykkingspolitiet (UP) utgjorde personar på over 75 år den største andelen av dødsfalla i trafikken i 2022, med 20 prosent.

Dei vart etterfølgde av personar i aldersgruppa 55–64 år, med ein andel på 19 prosent.

Erling Berg er prosjektleiar for senioropplæringa til NAF i Tønsberg, og opplever at mange har stort utbytte av kursa.

Erling Berg, prosjektleder for senioropplæringen til NAF i Tønsberg.

Erling Berg, prosjektleiar for senioropplæringa til NAF i Tønsberg.

Foto: Nils Fridtjof Skumsvoll / NRK

– Vi går gjennom alle reglar og minner om kva som skjer når kroppen blir godt vaksen. Vi høyrer dårlegare og reagerer litt seinare på ting, seier han.

I løpet av vinteren vil også Statens vegvesen starte opp kurs i same kategori over heile landet, etter ein pause på snart tre år.

Det er rådgivar Øyvind Lund glad for.

– Folk synest det er nyttig å sitje saman og diskutere med andre sjåførar.

– Svært nyttig

Pensjonistforbundet har i ei årrekkje kjempa for at slike kurs blir haldne over heile landet.

– Erfaringa vår er at dei opplevast som svært nyttige av eldre bilførarar, seier Jan Davidsen. Han er leiar i Pensjonistforbundet.

Jan Davidsen står ute i Oslo sentrum. Han har kortklipt, hvitt hår, blå jakke og lys blå skjorte under. Det er sommer og han ser til høyre.

Jan Davidsen, leiar i Pensjonistforbundet.

Foto: Johnny Syversen Byråruta / NRK

– Det er eit billig og godt preventivt tiltak som aukar tryggleiken både for eldre og andre trafikantar.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark

Seriekobla campingvogner

Seriekoblede campingvogner på ferga mellom Horten og Moss: – Er som et vogntog