Hopp til innhold

Meiner fedrar blir diskriminerte av barnevernet: – Dei tek mors parti. Ho græt, dei trøystar

85 prosent av dei som utdannar seg til jobbar i barnevernet er kvinner. «Thomas» er ein pappa som meiner at barnevernet er for kvinnedominert.

Leker i forkant av to som sitter og prater

Thomas meiner hans situasjon hadde vore annleis viss han var mor og ikkje far.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

«Thomas» var letta då retten gav han omsorga for barna.

Mor vart rekna som uskikka av sakkunnige, men skal ha samvær.

Så starta eit nytt mareritt; Gong på gong har mor kontakta barnevernet med påstandar om han.

Barnevernet sjekkar. Det blir møte og samtaler, og så blir sakene lagde bort.

12 gonger har det skjedd på berre eit par år.

– Når tek det slutt, spør familiefaren fortvila.

Uroleg familieliv

Det toppa seg i 2022 då politiet stod på døra.

Nye skuldingar frå mor hadde fått barnevernet til å varsle politiet. Det vart avhøyr av både barna og han.

– Eg vart sjuk av det, seier familiefaren.

Etter kort tid var også den saka lagt bort.

Bunker med papirer og permer på et bord.

Det blir mange rapportar og mykje papir å halde orden på.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Vi har valt å kalle han «Thomas» for å verne han og barna.

Det kostar å stå i denne situasjonen. NRK har fått innsyn i både dommen og andre dokument.

Thomas forstår at barnevernet må undersøkje når det kjem grove skuldingar, men samtidig meiner han at dei også burde sjå at det er eit mønster her.

Han trur det handlar om kjønn.

I barnevernet, på helsestasjonen, familievernkontoret, overalt er det berre kvinner.

Opplevinga mi er at dei tek mors parti. Ho græt, dei trøystar, seier han.

Avdelingsdirektør Kjetil Andreas Ostling i Bufdir meiner få menn opplever forskjellsbehandling i møte med barnevernet.

– Vi er også eit likestillingsdirektorat, seier han.

Les meir av svaret hans lenger ned.

Deler erfaringa

advokat Ann-Iren Skjelbred

Advokat Ann-Iren Skjelbred hos Thomassen Advokatfellesskap.

Foto: André Askeland

Advokat Ann-Iren Skjelbred har lang erfaring med å føre saker mot barnevernet og i vanskelege barnefordelingssaker.

Ho har først saker heilt til den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD).

Erfaringa hennar er at fedrar blir annleis behandla enn mødrer.

Eg ser det i mange saker. Fedrar blir nokre gonger heilt gløymde av barnevernet.

Ho trur situasjonen for Thomas hadde vore heilt annleis viss han hadde vore mor og ikkje far.

Ifølgje kjelder NRK har vore i kontakt med, finst det lite forsking på dette feltet.

Det næraste NRK fann er ei doktoravhandling frå NTNU i 2015. Der skriv Anita Skårstad Storhaug mellom anna dette:

Fedrane formidlar opplevingar av å ikkje bli høyrt i forhold til sine meiningar om kva som er best for barnet, og at dei blir møtte med det dei omtaler som gammaldagse haldningar om at det er mødrer som er den viktigaste omsorgspersonen.

Ho har sidan ikkje jobba med problemstillinga og kjenner heller ikkje til nokon andre som har gjort det.

Men Bufdir har gjort si eiga undersøking i 2018 blant dei tilsette i barnevernet.

Har undersøkt barnevernet

Bufdir (Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet) har ansvar for barnevernstenesta.

Over halvparten av dei tilsette svarte at det er noko eller stort behov for konkrete tiltak for å auke fedrars deltaking i barnevernssaker.

26 prosent meinte behovet er lite.

Nokre tilsette peika på at kvinnedominansen i hjelpeapparatet kan vere ei utfordring i samband med involvering av fedrar.

kjetil andreas ostling, divisjonsdirektør i Bufdir

Avdelingsdirektør Kjetil Andreas Ostling i Bufdir

Foto: Håvard Greger Hagen / NRK

Avdelingsdirektør i Bufdir, Kjetil Andreas Ostling, seier barnevernet og dei tilsette speglar samfunnet elles.

Nokre gonger har samfunnet ulike forventningar til menn og kvinner, seier han.

Han trur berre nokre få menn opplever forskjellsbehandling.

Oppgåva til barnevernet er å undersøkje. Det opplevast som inngripande uansett kjønn, meiner han.

Ostling seier dei prøver å få fleire menn og folk med ulik etnisk bakgrunn til å jobbe i barnevernet.

Så langt har dei ikkje lykkast med det, fortel Ostling.

Blir kursa om fedrar

Reform-ressurssenter for menn held kurs for studentar og tilsette i barnevernet om temaet fedrar.

Det er Bufdir som har bestilt dette kurset.

Mali Storbækken i Reform

Seniorrådgivar Mali Storbækken i Reform – Ressurssenter for menn.

Foto: Reform

Det handlar om kjønnsroller.

Vi ser framleis på mor som den primære og mest naturlege omsorgsgivar. Trass i mange likestillingspolitiske tiltak dei siste tiåra, så sit dei fleste av oss med ulike forventningar knytte til mors- og farsrolla, skriv seniorrådgivar Mali Storbækken i Reform.

Alt Thomas håpar på er at han og barna skal få ro og sleppe stadige undersøkingar og avhøyr.

Etter mange år med bortleggingar burde det ta slutt snart, meiner han.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark