Formannskapet innrømmer sakshandsamingsfeil.
Vedtaket betyr at det er usikkert om Henseid skule blir dreve vidare eller ikkje når det nye skuleåret startar om ein månad.
Ordførar Arnt Olav Brødsjø.
Ordførar Arnt Olav Brødsjø innrømmer sakshandsamingsfeil som ville ha ført til at den lille grendeskulen blir nedlagt.
Usikkert til hausten
- Vedtaka om om å innvilge skulebytte er oppheva eller nullstilt, seier Brødsjø.
- Dei elevane som har søkt om skulebytte eller Henseid skule vil ikkje få vite om det blir noko Henseid skule når skulen byrjar att?
- Nei. I dag skriv vi 11. juli. Og det vil overraske meg om det ligg føre eit endeleg vedtak før skulen startar igjen, seier Brødsjø.