Arbeidsløysa vil framleis vere størst i Grenland og Vestmar regionen. Det seier fylkesarbeidssjef Grunde Grimsrud.
- Årsaka er at det er mykje industri i desse områda der det har vore mykje omstillingar den siste tida. I Kragerø blei 230 arbeidslause då Tangen verft blei lagt ned for nokre år sida, seier han.
Union legg ned i mars
Prognosene for neste år viser at det skal bli færre arbeidslause i Telemark.
Om dei positive prognosene slår til vil vere avhengig av korleis det går med dei 380 tilsette på Union i Skien når papirfabikken legg ned i mars.
Nedlegginga av Union i Skien kan slå ut på statistikken over arbeidslause i Telemark neste år. Foto: NRK
Fylkesarbeidssjef, Grunde Grimsrud, fortel at det er arbeidslause menn som vil ha best tilgang på arbeid neste år.
- Det er innafor bygg og anlegg, industri og helsevesenet det er etterspurnad etter arbeidskraft, seier Grimsrud.
Han seier at det er dei som manglar kompetanse, eller jobbar innan jordbruket og IKT som slit med å få jobb.
Omorganisering neste år
Neste år vil Aetat gjennomgå ei omorganisering. Kontoret blir slegne saman med trygdetenester og delar av sosialtenesta.
Den nye etaten skal etter planen heite Norges Arbeids- og Velferdsetat. Til hausten vil det bli oppretta eit pilotkontor i Telemark.
Målet er å gje arbeidslause eit betre tilbod og få fleire ut i arbeid.