Hopp til innhold

Kopierte nettkurs – må betale millionar i erstatning

Det Tønsberg-baserte selskapet Trainor Elsikkerhet AS er tilkjent millionerstatning frå ein konkurrent, etter at sistnemnde skal ha etterlikna fleire av kursa til selskapet.

Trainor Elsikring i Tønsberg

FÅR MILLIONAR I ERSTATNING: Trainor Elsikkerhet sine lokale i Tønsberg.

Foto: Stian Wåsjø Simonsen / NRK

I Oslo tingrett blei selskapet Approve.no og eigaren Chiron Media As nyleg dømt til å betale Trainor nesten 2,1 millionar kroner i erstatning.

Selskapa må også betale sakskostnader på 765.000 kroner til Tønsberg-bedrifta.

Avslørte ulovleg etterlikning

Trainor blei etablert tilbake i 1995, og tilbyr opplæring og kurs til fagfolk i Noreg og i utlandet.

Approve.no sel e-læringskurs til fagfolk innanfor same tema. Selskapet er eigd av Chiron Media AS.

Oslo Tingrett en desemberkveld.

Trainor saksøkte konkurrenten og vann i Oslo tingrett.

Foto: Terje Pedersen / NRK

Det er ikkje første gong selskapa hamnar i klammeri.

Trainor politimelde nemleg Approve.no for ulovleg etterlikning av tre av kursa sine tilbake i 2009.

Dei aktuelle kursa blei den gongen fjerna, og saka blei ikkje forfølgd vidare.

I 2024 blussa likevel konflikten opp igjen.

Da oppdaga ein tilsett i Trainor at Approve.no hadde eit kurs med same namn som eit kurs dei nyleg hadde lansert.

Det blei også gjort ei samanlikning av to andre kurs som hadde like namn hos dei to leverandørane.

Les også Er desse litt for like?

«Braver», ein familiefilm frå Brightspark.

I juni 2024 sende Trainor søksmålsvarsel til Approve.no om ulovleg etterlikning av kursa. Sistnemnde selskap fjerna også denne gongen dei aktuelle kursa.

Denne gongen hadde Trainor likevel fått nok og kravde erstatning for det dei meinte var ulovleg bruk av kursa.

Dagleg leiar, og eigar av begge dei to selskapa som er dømde, Eivind Tveiten, seier han har fått dommen.

– Eg vurderer nå kva slags steg vi skal gjere vidare. Vi har ingen fleire kommentarar, skriv han i ein sms til NRK.

– Viktig og prinsipiell sak

Stian Martinsen, administrerande direktør i Trainor, er glad for utfallet av rettssaka.

– Dette er ei viktig og prinsipiell sak. Dommen sender eit sterkt signal om at vi ikkje tolererer tjuveri av dei immaterielle rettane våre, seier han til NRK.

Mann i dress foran bygning

Stian Martinsen, administrerande direktør i Trainor.

Foto: Trainor

Han seier kopiering av digitalt innhald er ei stor utfordring i eit teknologidrive samfunn, og meiner det er viktig at krenkingar som dette blir slått hardt ned på.

– Utan strenge tiltak og handheving frå rettsvesenet, risikerer vi å undergrave verdien av kreativt arbeid og innovasjon, seier Martinsen.

Advokat Katrine Malmer-Høvik var prosessfullmektig for Trainor under rettssaka.

Kvinne i sorte klær utenfor bygning.

Katrine Malmer-Høvik, advokat.

Foto: Mari Gjørv / Mari Gjørv

– Det skal ikkje lønne seg å gjere inngrep i andre sine immaterielle rettar. Det er derfor gledeleg at retten utmåler ei erstatning som bør ha ein avskrekkande og preventiv effekt, seier ho.