Hopp til innhold

Elever las bøker medan resten fekk framsyning om skeiv kjærleik: – Problematisk

Forskar på fritaksreglane meiner alternativet elevane fekk ikkje var tilfredsstillande.

Manusforfatter og forteller Charlotte Øster har reist rundt i Norge med forestillingen «Hjarte i alle fargar». Her holdes den for barn i Seljord bibliotek.

FRITAK: 7-8 elevar fekk fritak då framsyninga «Hjarte i alle fargar» vart viste for mellomtrinnet ved Kviteseid skule. Her held manussforfatter og fortel Charlotte Øster framsyninga i Seljord bibliotek.

Foto: Drifa Gudmundsdottir

Det har vorte ein stor debatt i Kviteseid etter at fleire elevar fekk fritak frå å sjå ei framsyning som mellom anna handla om ulike former for kjærleik.

Framsyninga tek også for seg skeiv kjærleik og identitet.

Ifølgje Nynorsk kultursentrum tek framsyninga utgangspunkt i kva læreplanen seier at elevane på mellomtrinnet skal lære.

Både ordførar og varaordførar i kommunen har kasta seg inn i debatten.

Les også Elever fikk fritak fra å se forestilling om skeiv kjærlighet

Kviteseid skule

Meiner elevane fekk alternativt tilbod

Dersom skulen får fritaksønske, må dei lage eit alternativt opplegg for elevane som får fritak.

I opplæringslova blir det presisert at skulen skal leggje til rette for tilpassa opplæring innanfor læreplanen, noko som betyr at eleven skal få same kunnskap som dei andre elevane, men på ein annan måte.

Dei hadde ikkje noko knytt til temaet. Men dei fekk eit alternativt tilbod, seier Odd-Arne Torbjørnsen, rektor ved Kviteseid skule.

Rektor ved Kviteseid skule, Odd-Arne Torbjørnsen.

Odd-Arne Torbjørnsen, rektor ved Kviteseid skule.

Foto: Privat

Dei 7–8 elevane som fekk fritak frå framsyninga frå Den kulturelle skulesekken sat i staden og las bøker, opplyser han.

Søknaden til foreldra om fritak kom på rektors bord kvelden før framsyninga.

Hadde vi hatt god tid, hadde vi prøvd å leggje det opp til det som var temaet, men vi hadde ikkje det.

Han presiserer at elevane ikkje får fritak frå undervisning.

– Sjølv om dei gjorde noko anna, betyr det ikkje at dei ikkje får informasjon om læringsmåla. Dei har ikkje fritak frå det, opplyser Torbjørnsen.

Kviteseid skule

Kviteseid skule.

Foto: Kviteseid skule

– Ikkje i tråd med fritaksreglane

Forskar på fritaksreglane, Christian Lomsdalen meiner skulen har brote fritaksreglementet.

– Det er vanskeleg for meg å sjå at dette ville vore akseptert, viss det ikkje er nokon samanheng mellom det innhaldet ein får fritak frå og det ein blir sett til å gjere, seier han.

Christian Lomsdalen, Ph.D-stipendiat, forsker på fritaksretten ved Universitetet i Bergen.

Christian Lomsdalen, forskar på fritaksretten ved Universitetet i Bergen.

Foto: Monica Johansen / HEF

Elevane får ikkje den same kunnskapen som dei andre elevane når dei gjer noko heilt anna, forklarer forskaren.

– Rektor har gjort det rett i forhold til sjølve fritaket, men ikkje alternativet. Det oppfattar eg som problematisk, seier han.

– Men rektor hevdar at elevane likevel får den kunnskapen dei skal ha, ut frå krava som gjeld i læreplanen?

– Då må ein jo spørje kva er poenget for skulen å ta inn denne framsyninga, viss ikkje ho bidreg til noko for å oppnå læreplanen for elevane, seier Lomsdalen.