Hopp til innhold

Ekstremt i Romania

- Tøffare enn "ekstrem oppussing"!

Skagerak International School
Foto: Picasa 2.6

Det seier elevar frå Skagerak International School i Sandefjord etter å ha bygd eit heilt hus frå grunnen av for ein fattig familie i Romania på bare fem dagar.

21 elevar i andreklasse i vidaregåande har tekepå seg ekstrajobbar, steikt vaflar, halde private tacomiddagar for venner og familie i eit heilt år for å samle pengar til husbygging i den lille landsbyen Beius.

Alt ved sida av hardt skulearbeid.

Nok til eit nytt hus

Dei har samla inn til saman 60.000 kroner. Nok til eit ordentleg hus til ein familie på seks som for nokre få dagar sidan levde på åtte kvadratmeter.

Måndag kveld kom dei heim, Konstanse Kjøle, Tone Bull Enger og Anders Maier.

-  Du får veldig mykje igjen for turen. Mykje meir enn ein ferietur til Syden, seier Anders Maier.

 

 

Skagerak International School
Foto: Picasa 2.6

 

Blir kjent med seg sjølv

Dette er noko Skagerak International School i Sandefjord har halde på med i Romania i sju år, i Tanzania i fire år, og i ein liten landsby i Himalaya i to år.

- Vi møtte familien og overrakte huset. Det var ei så sterk oppleving at vi måtte gråte, seier Tone Bull Enger.

Filosofien bak er at unge menneske skal bli kjent med andre kulturar, andre menneske og oppleve at dei kan gjere ein innsats som gjer livet betre for andre.

Då blir dei nemleg kjent med det beste i seg sjølv.

- Dette er eit minne for livet når vi overrekte nøklane til huset og presten velsigna huset, seier Konstanse Kjøle.