Hopp til innhold

Drangedal kommune frifinnast i mobbesaka

Drangedal kommune frifinnast i lagmannsretten frå å betale Cecilie Haugen erstatning. Bakgrunnen for saka er at Cecilie Haugen fekk avslag frå kommunen om erstatning i 2020 etter å ha blitt mobba i fleire år, og gjekk til sak. Haugen fekk medhald i tingretten og Drangedal kommune blei dømd til å betale 2,3 millionar kroner i erstatning. Kommunen anka saka til lagmannsretten der dei nå har blitt frifunne. Lagmannsretten vil likevel understreke at avgjersla ikkje inneber at Haugen mistruast på si forklaring i forhold til sine opplevingar og minne.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark