Hopp til innhold

Dømt for rasistiske ytringar på ferjetur frå Moss til Horten

– Jævla arabar, skal mannen blant anna ha ropt, før han like etter slo medpassasjeren i ansiktet.

Ferge Moss-Horten

SLÅSTKAMP I KAFEEN: Mannen blei svært sint da han meinte at guten med bakgrunn frå Somalia stirte på han under overfarten frå Moss til Horten.

Foto: Rainer Prang / NRK

Hendinga skjedde ein formiddag i februar i fjor.

Mannen i 30-åra var svært full da han tok plass ved eit bord i kafeen om bord på Bastø-ferja. Det er alle einige om.

Han skal ha snakka høgt i telefonen, og tiltrekte seg ein del merksemd frå dei andre gjestene.

– Snakk norsk når du er i Noreg

Etter at telefonsamtalen var avslutta gjekk den tiltalte ifølge vitne bort til ein gut med somalisk bakgrunn, og ville ha svar på kvifor sistnemnde hadde stirt på han.

Guten opplyste at han ikkje snakka norsk, men mannen kravde likevel svar.

Ein annan passasjer, som sjølv er frå Somalia, har forklart at han tok kontakt for å høyre om han kunne same språk som guten, og eventuelt hjelpe til med å omsette.

Ferge Moss-Horten

Ein mann er dømt til fengsel, etter at han skal ha komme med rasistiske ytringar mot medpassasjerar.

Foto: Rainer Prang / NRK

Retta til dei to skal mannen ifølge vitne ha uttalt «jævla arabar», «horunge», «snakk norsk, for faen», «snakk norsk når du er i Noreg» eller liknande.

Den tiltalte sette deretter ein peikefinger i armen til mannen som ville hjelpe. Da skal den fornærma ha reagert med å ta av seg jakka, og be den rusa passasjeren om å fjerne seg.

Dette resulterte i at den tiltalte slo medpassasjeren i ansiktet, som førte til at dei to rauk i tottane på kvarandre.

Fleire passasjerar og folk frå mannskapet måtte gripe inn for å skilje dei to mennene.

Dømt til fengsel

I retten hadde han tiltalte problem med å hugse så mykje frå sjølve hendinga.

Han erkjente likevel forholda, men meinte at ein av dei han krangla med skal ha løfta ein stol før han sjølv slo.

Dette var det ingen av vitna som hadde observert, og heller ikkje noko retten trudde på.

Mannen blei både dømt for å ha komme med hatefulle ytringar og vald mot den eine medpassasjeren.

Straffa blei sett til 21 dagar i fengsel.

Knut Henrik Strømme
Foto: Rune Christoffer Holm / NRK

Forsvararen til mannen, Knut Henrik Strømme, opplyser at han ikkje har rokke å sjå på dommen saman med klienten sin.

– Vi har foreløpig ikkje tatt stilling til ein eventuell anke, seier han til NRK.