Hopp til innhold

Dette kan du gjere med dei gamle broderia til bestemor

– Det er mange som angrar på at dei har kasta gamle broderi når dei ser kva eg lagar, fortel gjenbruksentusiast Tove Beate Breivik.

Gjenbruk av broderier

GJENBRUK: Gamle broderibilete kombinert med strie og dongeristoff har fått nytt liv som puter.

Foto: Privat

Både huset og hagen til Tove Beate Breivik i Porsgrunn er full av gamle raritetar.

Breivik liker å ta vare på gamle ting, og då ho fann gamle broderi og hardangersøm på loftet hos sambuaren sin, ville ho ta dei i bruk.

Tove Beate Breivik

Tove Beate Breivik brukar kreativiteten sin til å ta vare på gamle ting og broderi.

Foto: Privat

– Det var flekkar på nokre av dukane som vi ikkje fekk vekk, men eg syntest det er for gale å kaste broderi som nokon har brukt mange timar på å sy og tenkte at det måtte vere mogleg å lage noko av dette, fortel ho.

Brukar strie og jeans

Etter litt prøving vart det både puter og vesker av dei gamle broderia. Sidan har ho laga sengeteppe, sminkepungar, puffar og stoltrekk.

– Det eg syr, er veldig enkelt, men eg prøver meg fram og kombinerer broderia med tekstil av strie, skinn, jeans og gamle genserar.

Breivik har òg byrja å lage rumpetasker.

– Eg prøver å lage noko nytt og moderne, slik at broderia kan få skinne igjen.

Gjenbruk av broderier
Foto: Privat
Tove Beate Breivik gjenbruker gamle broderier og gir dem nytt liv som vesker, puter, sengetepper o.l.

– Få dei fram i lyset

Breivik broderer ikkje sjølv, men har fått broderi etter både mora og søstera si.

Lageret av gamle broderi hos familie er likevel ikkje nok. Breivik er derfor ein flittig gjest på bruktmarknader der ho kan finne haugar med gamle broderi.

– Eg brenn for å få dei gamle broderia fram i lyset igjen. Kombinert med skinn eller strie kan det bli litt tøffe ting, seier ho.

Veronika Glitsch, førsteamanuensis ved Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk på Universitetet i Søraust-Noreg, er oppteken av berekraft og synest det er bra at gamle tekstil får forlenga levetid.

– Eg er oppteken av at tekstil skal brukast til dei blir slitne ut og synest det er flott at tekstil som allereie er produserte, får nye bruksområde.

Glitsch underviser i design, redesign og saum av klede og er oppteken av å gi nytt liv til tekstil.

– Dersom ei omforming av broderia kan gjere dei meir dagsaktuelle, anten det er til pynt i stova eller som eit klesplagg, er det heilt strålande.

Gjenbruk av broderier - maritim pute

MODERNE VRI: Dersom du ikkje vil ha dei gamle broderia til mora di på veggen, kan dei kanskje passe i sofaen?

Foto: Privat

Fleire angrar

Breivik har halde på med gjenbruk av broderi i fire år og har laga så mykje at ho òg har byrja med sommarmarknad i hagen der ho sel tinga ho lagar.

Då får ho ofte høyre at folk angrar på at dei har kasta broderi dei har arva.

– Det er mykje nostalgi i dei gamle broderia og eg får høyre mange historier om broderi dei kjenner igjen. Fleire blir lei seg for at dei har kasta dei når dei ser kva det er mogleg å lage.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark