Hopp til innhold

Alkolås stoppa bussjåfør

Ein bussjåfør frå Skien fekk ikkje start på bussen då han møtte på jobb i Vestfold i dag. I fylgje politiet var det alkolåsen som hindra at bussen starta. Politiet meiner at sjåføren køyrde eigen bil frå Skien til Vestfold, og har tatt førarkortet.