Hopp til innhold

– Kunne blitt ein katastrofe liknande Lærdal

Mandheimen asylmottak på Rjukan er totalskadd etter brannen i natt. Ordføraren i Tinn takkar brannvesen og andre instansar for at brannen ikkje spreidde seg.

Mandheimen dagen etter brannen

TOTALSKADD: Mandheimen asylmottak fekk store skader etter brannen i natt.

Foto: Ole Jon Tveito/Radio Rjukan

Ein sit jo med blanda kjensler etter ei slik hending. På eine sida er me veldig letta over at ingen personar vart skadd og at brannen ikkje spreidde seg i bustadfeltet rundt. På den andre sida er det sjølvsagt trist å sjå dette bygget få så store skader, seier ordførar i Tinn, Bjørn Sverre Birkeland.

Det var seint i går kveld at politiet fekk inn melding om brann på Rjukan. Den øvre delen av Mandheimen asylmottak stod på eit tidspunkt i full fyr, og bygget er no totalskadd.

Frykta bybrann

Da brannen stod på i natt var det i lang tid stor fare for at flammane kunne spreie seg til husa ved sidan av.

– Det regna gnistar, samtidig som det var sterk vestavind, seier Birkeland, som sjølv var på staden og såg at bygget stod i flammar.

Verdensarvkoordinator Øystein Haugan sier restaureringen av Mandheimen skulle begynt i januar.

SE VIDEO: Øystein Haugan er verdensarvkoordinator på Rjukan. Han håper den verneverdige bygningen kan reddes.

På eit tidspunkt frykta han det verste.

– Det er mykje trehus rundt asylmottaket, så ei spreiing ville fått katastrofale følgjer, seier Birkeland.

Han trekker parallellar til storbrannen i Lærdal i 2014, der store delar av bygda stod i brann og øydeleggingane var massive.

mandeheimen asyl yy

Rosar brannvesenet

Mannskap frå fleire organisasjonar vart sendt ut for å hjelpe naudetatane under brannen. Blant anna kom det bistand frå sivilforsvaret og Raude kors.

Operasjonsleiar i Sør-aust politidistrikt, Vidar Aaltvedt var tidleg ute med å rose desse instansane saman med brannvesenet etter brannen var sløkt.

Bjørn Sverre Birkeland
Foto: Anne Lognvik / NRK

Brannvesenet gjorde ein fenomenal innsats slik at ingen nabohus blei teke av flammane, hadde elden fått tak i trehusa kunne ein heil bydel blitt teke av flammane, skreiv Aaltvedt på Twitter.

Birkeland er einig med Aaltvedt.

– Ein må berre prise brannvesenet for dei vurderingane som blei gjort som syta for at brannen ikkje spreidde seg seier Birkeland.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark