Er sjokkert over kutt i pasientreiser

Revmatikerforbundet er sjokkert over at ein fjerdedel av budsjettet for behandling av pasientar i utlandet blir kutta i statsbudsjettet. Forbundet trur det vil føre til at fleire blir borte frå jobb og må leve med smerter.

Norsk Revmatikerforbund

Norske revmatikarar får redusert tilbodet om behandling i utlandet.

Foto: Norsk Revmatikerforbund

Forbundsleiar Svein Dåvøy i Norsk Revmatikerforbund seier at Helse- og omsorgsdepartementet vil kutte 25 millionar kroner av budsjettet på 100 millionar kroner til Statens Behandlingsreiser.

Svein Dåvøy, Norsk Revmatikerforbund

Svein Dåvøy, forbundsleiar i Norsk Revmatikerforbund.

Foto: Norsk Revmatikerforbund

Kvart år reiser om lag 3000 medlemmer av revmatikerforbundet til ein av dei tre behandlingsplassane som i ligg i Montenegro, Tyrkia og Spania. Reduksjonen i løyvinga inne ber at 700 færre i året får tilbod om behandling i utlandet.

Revmatikerforbundet viser til ein rapport frå SINTEF frå 2011 som viser at tilbodet er god samfunnsøkonomi, har betre effekt og er rimelegare enn rehabiliteringsopphald i Noreg.

– God og billeg behandling

– Dette er ei god og billeg behandling som sørgar for at folk kan vere i jobb, seier Dåvøy. Han meiner Helse og omsorgsdepartementet ønskjer å øydelegge for dei som ønskjer å vere i jobb.

Dåvøy seier at pågangen er så stor blant revmatikarar at ingen får reise oftare enn annan kvart år. Det er i hovudsak pasientar med leddgikt, psoriasis og bekterev som nyte godt av tilbodet.

– Kapasiteten er for liten, for behovet er stort. Det er vanskeleg å få plass på behandlingsreisene, så vi kunne hatt behov for det dobbelte. I staden får vi ein reduksjon. Det er uforståeleg, seier Dåvøy.

– Kunne sjå himmelen

Bjørn Idar Næss

Bjørn Idar Næss frå Porsgrunn.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Bjørn Idar Næss frå Porsgrunn har hatt diagnose som revmatikar i to år. Han var på behandlingsreise i august i fjor. Han opplevde veldig god effekt av behandlinga der nede og er no i full jobb.

– Eg såg andre som kom ned dit og var veldig krokbøygde. I løpet av tida der nede kunne rette seg opp og sjå himmelen, og ikkje berre skotuppane, seier Næss.

Han synest det er veldig trist at færre no får høve til å få tilbodet.

Smerter og plager

– Behandlinga gir eit løft som du kan tære på ein heil vinter. Du får ein mjukare kropp og losna opp i kroppen og muskulaturen, og det gjer at kvardagen din heime blir ein heilt annan, seier Næss.

Han trur fleire vil oppleve smerter og plager i kvardagen når tilbodet blir redusert.

– Mest sannsynleg må dei også vere meir borte frå jobb, eller får redusert arbeidsevne, seier Næss.

Taksten held fram under biletet.

Norsk Revmatikerforbund

Fysioterapi i varme strok gir god effekt, meiner revmatikerforbundet. (illustrasjonsbilde)

Foto: Morten Brakestad/Propix.no

– Nye behandlingsformer

Robin Kåss

Robin Kåss, statssekretær i Helse og omsorgsdepartementet.

Foto: Marit Kolberg / NRK

Statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet, Robin Kåss, kan forstå at det blir reagert på kutt i budsjettet.

– Vi har gjennomført ei evaluering av tilbodet og der kjem det fram at nokon har stor nytte av tilbodet, mens andre får mindre ut av det, seier Kåss.

Han seier at sidan ordninga starta har det kome nye behandlingsformer som har vore ein suksess for mange. Og at regjeringa brukar 1,6 milliardar kroner på å få ei meir effektiv behandling av pasientar med revmatiske plager.

– Vi meiner difor det er naturleg å justere tilbodet på pasientar som får reise til utlandet for å få behandling, seier Kåss.