- Ap-forslag er usolidarisk

Revmatikarforbundet er sterkt kritisk til å kutte i uføretrygda til dei som bur i utlandet. Det vil ramme sjuke hardt og er svært usolidarisk, meiner forbundet.

Solgården

Mange kronisk sjuke får eit betre liv i varmare strøk. her frå Solgården på Costa Blanca i Spania.

Foto: Solgården

I går vart det klart at Arbeidarpartiet går inn for å tilpasse trygder og stønader til lønns- og prisnivået der mottakaren oppheld seg. Dei foreslår fleire tiltak som kan stanse det dei kallar trygdeeksporten.

Svein Dåvøy er leiar i Norsk Revmatikarforbund.

Svein Dåvøy i Norsk Revmatikerforbund reagerer sterkt på forslaget frå Arbeidarpartiet.

Foto: Norsk Revmatikarforbund

Leiar Svein Dåvøy i Norsk Revmatikerforbund reagerer sterkt på forslaget.

– Eit slag i ansiktet

– Dette er eit slag i ansiktet på dei svakaste svake. Det er uforståeleg at Arbeidarpartiet kan stå bak eit slikt usolidarisk forslag, seier Dåvøy til NRK.

Av dei vel fire trygdemilliardane som kvart år blir eksportert, går 1,5 milliardar til dei uføretrygda. Det vil koste langt meir å tvinge dei til å flytte heim, trur Dåvøy.

– Mange av våre medlemer vil ikkje kunne opphalde seg i varmare land om dette blir vedteke. Det vil belaste det norske helsevesenet mykje meir å tvinge dei til å flytte heim. Dette er menneske som tek ansvar for eiga helse, dei avlastar det norske helsevesenet, seier han.

Sterk reduksjon

Ein gjennomsnittleg uførepensjon er på 175.000 kroner i året. For uføretrygda i Spania vil trygda bli redusert til 119.000 kroner i året. Og for dei nær 500 som får norsk uføretrygd i Thailand, vil trygda bli på skarve 54.000 kroner i året.

Åse Henriksen har den revmatiske sjukdommen Lupus. For 12 år sidan emigrerte ho til den spanske solkysten. Varmen der hjelper henne til å halde seg frisk.
Livet på den kvite kysten har gitt henne ein betre fungerande kropp og eit lettare liv.

– Eg var veldig mykje ut og inn av sjukehus i Noreg. Eg greidde ikkje å gå. Eg er ein heilt anna person i dag enn då eg reiste nedover hit, seier ho til NRK.

Uviss framtid

Om det blir kutt i pensjonen, veit ho ikkje kva ho skal gjere. Ho er usikker på om ho vil greie å halde fram med å bu i Spania.

Også psoriasispasientar lever betre i varme strøk. Og heller ikkje Terje Nordengen i Norsk Psoriasisforbund , er nådig når han høyrer om forslaget om å kutte i uføretrygda.

- Dette er ikkje akseptabelt, seier han.

Lyspunkt

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger