Hopp til innhold

Henrik Dønnestad kjempa i toppen

Henrik Dønnestad frå Skien blei nummer 15 i verdscupdebuten på 10 kilometer friteknikk på Lillehammer i dag. 26-åringen kjempa lenge om ei topp ti plassering, men tapa nokre sekund dei siste kilometerane. Dønnestad var til slutt 35 sekund bak vinnaren Iver Tildheim Andersen.