Vil undersøke Gjerpen sjukeheim
Skien kommune vil undersøke Gjerpen sjukeheim etter at tilsette ifølge TA hevdar at døyande pasientar har blitt liggjande åleine fordi ingen har tid til å sitte hos dei. Verken politikarar eller kommunalsjefar har blitt varsla om forholda, skriv kommunen i ei pressemelding.