Hjartdal vil snakke med Notodden
Ordførar i Hjartdal, Bengt Halvard Odden, vil snakke med Notodden kommune om kommunestruktur. Odden vil legge fram eit forslag om det for kommunestyret i kveld, skriv Telen. Både Hjartdal og Notodden står åleine i kommunestrukturprosessen etter at det ikkje har blitt noko av dei andre intensjonsavtalene.