Hopp til innhold

Vestfold vil ha Tove Paule

Vestfold idrettskrins vil ha Tove Paule som ny idrettspresident.

Vestfold idrettskrins
Foto: Picasa 2.6 / NRK

Vestfold idrettskrins har vore taus om kven dei støttar som ny idrettspresident, men nå flaggar dei standpunkt før valet på søndag.

- Vi går inn for Tove Paule som ny idrettspresident, seier Thor Helm Hansen.

 

 Mykje kan skje fram til valet

Saman med mange andre idrettskrinsar ønskjer dei Odd-Roar Thorsen som visepresident i lag med Tove Paule frå Drammen som ny idrettspresident.

Thor Helm Hansen understrekar at mykje kan skje fram til søndag morgon.

- Vi støttar valkomiteen sitt framlegg til ny idrettspresident, men vi vil ha Odd-Roar Thorsen som visepresident.

Støttar ikkje Hamre

Mykje tyder på at gruppene som støttar Thorsen og Paule som presidentkandidatar må finne ein måte å samarbeide på før valet på ny idrettspresident.   

Til liks med Telemark idrettskrins ønskjer Vestfold å bytte ut Bjørn Hamre med Odd-Roar Thorsen som visepresident.

Hamre er foreslått som visepresident av valkomiteen i idrettsforbundet.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark