Hopp til innhold

Døde etter trafikkulykke

Ein person er død etter at ein personbil og ein motorsykkel kolliderte på fylkesveg 302 ved Hallevannet i Larvik.

Ulykke Vestfold
Foto: Philip Hofgaard / NRK

Det er føraren av motorsykkelen som er stadfesta omkomme. Føraren av personbilen er køyrd til sjukehus for sjekk.

Dei to køyretøya kolliderte front mot front, men utover det veit ikkje politiet kva som har skjedd.

– Me driv med tekniske undersøkingar her no saman med krimteknikarar og ulykkesgruppa til Statens vegvesen, seier Politiførstebetjent i Søraust politidistrikt, Henning Johansen.

Henning Johansen

Politiførstebetjent Henning Johansen.

Foto: Philip Hofgaard / NRK

Vegen er stengt

– Vegen vil nok vere stengt ei stund til, seier Johansen til NRK klokka 17:00.

Vegen er stengt på ubestemt tid.

Trafikken vert omdirigert ned på Fv45​ ved Tanum, Fv58 til Foldvik og vidare på Fv301. Det melder Vegtrafikksentralen.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold