– Kvar bit av Europa må forsvarast, sa Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj på det nordiske toppmøtet i Helsingfors i ettermiddag.
Det er Finlands president Sauli Niinistö som har invitert dei nordiske landa og Ukraina til toppmøtet.
Zelenskyj starta med å takke for den militære og økonomiske støtta frå dei nordiske landa.
– Den norske pengestøtta viser verda kva det betyr å verdsette fred, sa han til Jonas Gahr Støre
Når det er Støres tur til å tale, startar han med å kalle Zelenskyj-besøket for rørande og historisk.
For det andre, seier han:
– Så må denne krigen ta slutt – og det er angriparen som må avslutte han.
– Og når freden kjem, må det vere på premissane til landet som har blitt angripe, legger han til.
Det viktigaste er å vere ei stabil støtte
– I dag skal vi oppdatere korleis kvart land kan hjelpe Ukraina. For Noregs del handlar det om presiseringar i Nansen-programmet, kor vi har forplikta oss til å gi 75 milliardar over fem år, seier Støre til NRK før pressekonferansen.
På spørsmål om det vil vere aktuelt å utvide støtta, svarer han:
– Det viktige er, ifølge Zelenskyj, at vi står ved dei over tid. Vi har forplikta oss på Stortinget til å støtte Ukraina i fem år. Det er eit signal det norske demokratiet kan vere stolt av.
Jonas Gahr Støre og Volodymyr Zelenskyj skal mellom anna snakke om den vidare støtta til Ukraina.
Foto: NTBElles skal Støre og Zelenskyj følge opp samtalane dei har hatt det siste året. Eit viktig bidrag frå Noreg er luftvern.
– Det er med på å redde liv i ukrainske byar kvar veke, seier Støre
Statsleiarane skal også få høyre korleis Ukraina ser for seg kampen framover og deira syn på situasjonen.
Statsminister Jonas Gahr Støre er på plass i Finland, saman med statsleiarane i Sverige, Danmark, Island, Finland og Ukraina.
Foto: NTBDanmarks statsminister Mette Frederiksen er også tydeleg i landets støtte til Ukraina.
– Vi støttar Ukrainas fridomskamp, så lenge den varer. Vi viker ikkje får løfta våre om å hjelpe Ukraina, seier Frederiksen.
Støre har tidlegare i år sagt at Noreg ønsker å trappe opp støtta til Ukraina.
– I fjor gav vi over 10 milliardar kroner i sivil og militær støtte til Ukraina. No trappar vi opp denne støtta, sa Støre.
Også Islands statsminister Katrín Jakobsdóttir er med på toppmøtet.
Hemmeleghald
Detaljane rundt presidentens besøk i Finland har vore hemmeleg.
Zelenskyj har avgrensa sine utanlandsreiser betrakteleg etter den fullskala invasjonen av Ukraina i fjor. Tidlegare har han besøkt Polen, Frankrike, Belgia, Storbritannia og USA.
NRK møtte Zelenskyj saman med andre journalistar i slutten av april.
Foto: Gunnar Bratthammer / NRKI førre veke møtte den ukrainske presidenten ei lita gruppe journalistar frå dei nordiske landa. Der var han tydeleg på at nordisk støtte er avgjerande i krigen.
På spørsmål frå NRK om han meiner Noreg har eit særskilt ansvar for å støtte Ukraina fordi Noreg har tent mykje pengar på høge energiprisar som følge av krigen, svarte Zelenskyj slik:
– Det er veldig vanskeleg å seie. Eg tenker ikkje på den måten. Noreg støttar vår posisjon, støttar med våpen og med pengar. Har landet tent meir, så har dei gjort det. Det gjer det også mogleg å støtte oss meir. Eg er svært takksam for den norske støtta.
Ukraina ønsker å bli med i Nato. Biletet er frå ein pressekonferanse i Kyiv 20. april.
Foto: DIMITAR DILKOFF / AFPOm eit eventuelt Nato-medlemskap sa han dette til NRK:
– Dette er ei felles avgjerd i Nato. Eg trur at dersom avgjerda om medlemskap var avhengig av Stoltenberg åleine, ville Ukraina vore med i Nato.
Krigen i Ukraina har hatt følger for Norden. 4. april i år blei Finland formelt medlem av Nato.
NRK kunne også melde at det i kulissene på Nato-toppmøtet i april blei arbeidd med å få Ukraina inn i forsvarsalliansen.