Hopp til innhold

WHO meiner barn over 12 år bør bruke munnbind

For å hindre spreiing av koronaviruset, meiner Verdas helseorganisasjon, WHO, at også barn over 12 år bør bruke munnbind når det er vanskeleg å halde avstand.

Fire barn i Brussel som bruker munnbind

WHO og Unicef rår barn under 12 år å bruke munnbind i situasjonar der det er vanskeleg å halde avstand.

Foto: Virginia Mayo / AP

Saman med FN-organisasjonen Unicef gjekk WHO fredag ut med nye råd om når barn i ulike aldersgrupper bør bruke munnbind.

Dei meiner barn over 12 år på lik linje med vaksne bør bruke munnbind i situasjonar der det vanskeleg å halde minst ein meter avstand, melder Sveriges Radio.

Også barn mellom seks og elleve år bør bruke munnbind i visse situasjonar, meiner WHO.

En klovn lærer barnehagebarn i Gaza å bruke munnbind.

Ein klovn lærer barna i ein barnehage i Gaza rett bruk av munnbind.

Foto: MOHAMMED ABED / AFP

Norske helsestyresmakter har tidlegare sagt at dei ikkje råder barn i barneskulealder eller yngre å gå med munnbind.

Rådet frå FN-organisasjonane endrar ikkje på dette, seier assisterande helsedirektør Espen Nakstad til NRK.

– Dette er ei presisering frå WHO og Unicef til helsetenester og helsestyresmakter i verdas land om at råda som blir gitt lokalt om munnbind, bør vere det same for dei over 11 år, som for vaksne.

Påbod i Danmark

Frå og med laurdag må ein bruke munnbind i tog og bussar i Danmark. Påbodet gjeld også på stoppestader, togstasjonar og i drosjer, melder dansk TV 2.

Passasjerar som droppar munnbindet, kan bli avviste. Dei kan også få bøter på 2500 danske kroner.

Dersom ein har ein sjukdom eller eit handikap som gjer at ein ikkje kan bruke munnbind, kan ein frå fritak. Det same gjeld barn under 12 år.

Likevel kjem det nye munnbind i barnestorleik i danske daglegvarebutikkar neste veke, melder Dansk Handelsblad.

Danske passasjerer ventet på toget med munnbind

Danmark krev frå og med laurdag at passasjerar bruker munnbind når dei reiser kollektivt. Påbodet gjeld også på haldeplassar og togstasjonar, som her i Aarhus.

Foto: Bo Amstrup / Ritzau Scanpix

I Noreg har det reisande i kollektivtrafikken i Oslo og Indre Østfold blitt råda til å bruke munnbind på reiser der det har vore vanskeleg å halde avstand. Foreløpig ser det ut til å ha gått bra, seier Nakstad.

– Vi har inntrykk av det har vore trengsel i veka som har gått, og at mange difor ikkje har hatt behov for å bruke munnbind. Dette skal vi sjå nærmare på over helga, før vi skal gi råd til regjeringa om kva vi skal gjere vidare, seier han.

Tysk smitteauke

I Tyskland melder helsestyresmaktene at dei har hatt den største auken av koronasmitta sidan april.

Robert Koch-instituttet har registrert 2034 nye stadfesta tilfelle det siste døgnet. Det vil seie at 232.082 tyskarar har fått påvist viruset.

Styresmaktene trur auken kan skuldast at mange har vore på ferie i land og regionar med auka risiko for smitte. I tillegg peikar enkelte på at det har vore ein auke i testkapasiteten i Tyskland.

SISTE NYTT

Siste nytt