Hopp til innhold

Westergaard legg vekk pennen

Mannen bak dei mykje omtalte Muhammed-karikaturane, danske Kurt Westergaard, pensjonerer seg.

Kurt Westergaard

Kurt Westergaard gir seg som karikaturteiknar. Han vil pensjonere seg og bruke tida på andre ting enn teikning.

Foto: Preben Hupfeld / Scanpix/AFP

Demonstranter protesterer mot Muhammed-karikaturene

Demonstrantar brann det norske flagget i protest mot publiseringa av Muhammed-karikaturen.

Foto: ADEL HANA / AP

Den snart 75 år gamle teiknaren vil snakke med avisleiinga i Jyllands-Posten om at han vil slutte å levere teikningar til dei.

Han ønskjer heller å bruke tida på andre ting, ifølgje nyheitsbyrået Ritzau. Westergaard har ikkje levert karikaturar det siste halve året.

Truga på livet

Etter at Westergaard si Muhammed-teikning vart publisert i Jyllands-Posten i 2005, vart han truga på livet. Teikninga vart også publisert i fleire aviser, mellom anna i norske Magazinet.

Noreg og Danmark sine ambassadar i den syriske hovedstaden Damaskus vart satt i brann då hissige demonstrantar protesterte mot karikaturteikninga.

Angripen med øks

I 2008 arresterte dansk politi fleire personar som var mistenkt for å ha planlagt å drepe avisteiknaren. Første nyttårsdag i år gjekk ein 28 år gamal mann til angrep på Westergaard med øks.

Teiknaren har forklart fleire gonger at han berre gjorde jobben sin då han teikna Muhammed-karikaturen.

SISTE NYTT

Siste nytt