Hopp til innhold

Volkswagen stansar sal av juksebilar

Volkswagen har stansa salet av nye dieselbilar med såkalla Euro-5-motorar som kan ha installert den omstridde programvara som manipulerer bilens utsleppstal. Dette kjem ikkje til å få noko å seie for norske Volkswagenkunder.

VOLKSWAGEN-EMISSIONS/SPAIN Volkswagen logos are pictured at a dealership in Madrid

Volkswagen stansar salet av nye bilar som kan innehalde den omstridde programvara.

Foto: SERGIO PEREZ / Reuters

Volkswagen har stansa salet av dei omstridde bilane i alle EU-land. Det er bilar med såkalla Euro-5-motorar som skal stansast, men dette vil ikkje få noko å seie for norske kundar.

– Dette endrar ingenting for oss i Noreg då nye bilar som me sel her har ein annan type motor, og dermed ikkje er råka. Alle nye dieselbilar som me sel i dag har ein såkalla Euro-6-motor, opplyser informasjonssjef i Møllergruppen, Anita Svanes, til NRK.

Møllergruppen importerer og sel Volkswagenbilar i Noreg.

8,5 millionar bilar til resepsjon

Bilane skal no bli oppdaterte, programvara skal fjernast, og deretter skal dei leggjast ut for sal på ny.

Tidlegare har Volkswagen sagt at dei skal kalle inn over 8,5 millionar biler til reparasjon, slik at programvara som står for utsleppsjukset vert fjerna.

Skandalen held fram med å vekse for Volkswagen etter at det i september vart kjent at selskapet hadde installert ein programvare som fekk bilane til å forstå når dei vart testa. Difor viste bilens utsleppsnivå langt lågare verdiar enn det som var bilens reelle utslepp.

Dyr skandale

Trass skandalen, så viser ei fersk undersøking at forbrukarane har tiltru til Volkswagens brannsløkking. I ei tysk undersøking svarer 65 prosent av dei spurde at media har overdrive skandalen, og 63 prosent meiner skandalen vil vere gløymd til neste år.

Men uansett om bilmerkets gode namn og rykte kan ta seg opp att, så kjem skandalen til å koste Volkswagen-konsernet milliardar av kroner i erstatning, tapte inntekter og potensielle bøter.

Ifølgje nokre av dei estimata som er gjort, så kan Volkswagen bli nøydde til å betale ut erstatningssummar til sine kundar på til saman 367 milliardar kroner, om selskapet vert stilt for retten og dømd. Det skriv The Telegraph.

SISTE NYTT

Siste nytt