Hopp til innhold

Curtis ville ikkje snakke om tida i fangenskap

Den amerikanske forfattaren og journalisten Peter Theo Curtis (45), som har vore halden som fange av Nusrafronten i Syria i nesten to år, vil førebels ikkje snakke om opplevingane sine i fangenskap.

Den amerikanske journalisten Theo Curtis ble løslatt etter to års fangenskap i Syria. I dag ga han en uttalelse til pressen.

VIDEO: VIDEO: Sterke kjensler etter frigiving.

Curtis møtte pressa utanfor heimen til mora i Cambridge i Massachusetts i dag, etter at han kom til USA i natt norsk tid. Han uttrykte stor takksemd overfor dei fleire hundre menneska rundt om i verda som har jobba hardt for å få han fri.

– Eg hadde ikkje peiling om at så mange menneske arbeidde for å få meg fri. Eg er overvelda av kjensler, sa Peter Theo Curtis til det store pressekorpset. Han beklaga at han ikkje kunne seie noko meir om det han hadde opplevd, men lovde å kome tilbake seinare.

– Tid med familien

Peter Theo Curtis i Cambridge, Massachussets i USA.

Peter Theo Curtis uttrykte gle og takksemd over å vere heime i USA igjen.

Foto: Charles Krupa / Ap

No treng eg tid saman med familien. Eg er takknemleg for at de er interesserte i det eg har opplevd, men eg kan ikkje fortelje dykk noko om det. Men eg vil kome tilbake til det, sa han blant anna.

Curtis sa også at han hadde møtt mykje hjartevarme etter at han kom heim.

– Menneske som eg ikkje kjenner har kome bort til meg og sagt kor glade dei er for at eg no er fri. Eg hadde gløymt kor hjartevarme amerikanarane er. Eg er så takknemleg, sa Curtis før han forsvann inn i huset.

45-åringen vart sett fri sist søndag. Han vart overlevert til FN-styrken i Quneitra på Golanhøgdene seint på kvelden. Omstenda rundt forgivinga er ikkje kjende, men det er klart at representantar frå Qatar var med og forhandla fram ei løysing.

– Ikkje løysepengar

Styresmaktene i Qatar har fleire gonger gjort det klart at det ikkje er betalt løysepengar. USA har som prinsipp at dei aldri betalar løysepengar form amerikanske gislar.

Samstundes som Peter Theo Curtis vart sett fri, kom meldinga om at ekstremistgruppa Den islamske staten (IS) krev 40 millionar kroner i løysepengar for ei 26 år gammal amerikansk kvinne. Det skjedde ei veke etter at den amerikanske journalisten James Foley vart brutalt avretta av IS.

26-åringen vart bortført medan ho deltok i humanitært arbeid i Syria for eitt år sidan. Familien har bede om at identiteten hennar ikkje blir gjort kjent, ifølgje ABC News.

Islamistgrupper

Både IS og Nusrafronten har band til Al Qaida-nettverket, og begge grupperingane er svært ytterleggåande og valdelege. Det siste året har det likevel vore strid mellom dei to islamistiske gruppene, som begge kjempar for regimet til basar al Assad i Syria.

IS held også den amerikanske journalisten Steven Sotloff som gissel. Han vart vist fram i ein video med beskjed om at han vil lide same lagnad som Foley, om USA held fram angrepa sine mot IS i Irak.

Det er uklart kva som har skjedd vidare med han.

LES OGSÅ: Frigitt journalist har det bra, ifølge moren

.

SISTE NYTT

Siste nytt