Hopp til innhold

Verdas eldste er død

Verdas eldste person, Gertrude Baines (115) frå USA er død, opplyser eit sjukehus i Los Angeles.

Gertrude Baines på 115-årsdagen.
Foto: Damian Dovarganes / AP

Baines, som fylte 115 år 6. april i år, overtok som verdas eldste i januar då portugisiske Maria de Jesus døydde.

Les også: Overtar som verdens eldste mann

Ei talskvinne for sjukehuset i Los Angeles seier Baines døydde klokka halv åtte i dag tidleg lokal tid. Ho vart 115 år 158 dagar gamal, og døydde truleg av at hjarta feila.

Ifølgje den Los Angeles-baserte Gerontology research Group er den eldste personen i verda no den 114 år gamle japanske kvinna Kama Chinen, frå Okinawa.

Uoffisielt vert det hevda at verdas eldste kvinne er Tuti Yusupova frå Usbekistan, som i januar i år skal ha vore 128 år.

Røysta Obama

Gertrude Baines har opplevd 21 amerikanske presidentar og vart verdskjende i november i fjor då ho røysta på Obama under amerikanske presidentvalet.

På bursdagen hennar i april i år uttala ho at ho håpte ho ville få høve til å røyste Obama igjen i 2012.

Ho sa også at «å leve så lenge er som å ha vunne i eit genetisk lotteri».

SISTE NYTT

Siste nytt