NRK Meny
Normal

Afrikas første e-val vart suksess i Namibia

Opposisjonen frykta valjuks, men no får landet ros for å ha gjennomført Afrikas første elektroniske val nokosinne. Det er likevel ein veg att å gå før elektronikken fungerer heilt slik den skal.

NAMIBIA-VOTE

Den vesle maskinen vert nytta til å ta fingeravtrykk av veljarane. Det heile vert lagt inn i eit system, og skal gjere valprosessen i Namibia enklare.

Foto: JORDAANIA ANDIMA / Afp

NAMIBIA-POLITICS-VOTE

Regjeringspartiets presidentkandidat Hage Geingob på veg ut av vallokalet. Han har vore statsminister i landet i 2012, og er favoritt til å bli landets nye president, etter at president Hifikepunye Phamba går av.

Foto: JORDAANIA ANDIMA / Afp
NAMIBIA-POLITICS-VOTE

Venaani McHenry er ein av opposisjonsleiarane, og leiar for partiet Democratic Turnhalle Alliance, som i dag har to seter i parlamentet.

Foto: JORDAANIA ANDIMA / Afp
NAMIBIA-VOTE-FILES

Ting har endra seg på ti år. Her eit bileta frå valet i Namibia i 2004.

Foto: ALEXANDER JOE / Afp

– Det var eit val gjennomført i fredfulle omgjevnader, fri for vald og trugslar. Men det bør vurderast å gjere framgangsmåten ved vallokala enklare, seier Den afrikanske union (AU) sin ambassadør til Namibia, og viser til at det ikkje alltid var like enkelt å gjennomføre eit e-val.

Opposisjonen frykta juks

Etter valet har nemleg fleire tusen røystarar klaga på at teknikken svikta då dei skulle gi si stemme, og at dei difor måtte gå frå vallokala utan å ha fått gjort si borgarplikt. Likevel vert valet omtalt som gyldig og transparent av både AU og den regionale organisasjonen i Sør-Afrika, SADC.

For å betre prosedyrane vert det no føreslått å gi valpersonellet betre opplæring i korleis maskinane fungerer.

Men om opposisjonen hadde fått det som dei ville, så hadde det ikkje blitt noko e-val i Namibia. Berre dagar før valdagen gjekk fleire opposisjonsparti til retten i frykt for at e-valet kunne gjere det enklare å jukse. Men ein domstol i hovudstaden Windhoek avviste klagen, og valet kunne gjennomførast.

SWAPO – landets evige regjeringsparti?

Namibia er eit stort land, men med få folk. 1,2 millionar menneske hadde stemmerett, og kunne gi stemmer i oppunder 4.000 stemmelokale med elektronisk utstyr.

På førehand var det sittande partiet, SWAPO, favorittar til å vinne valet, og dei førebelse valresultata viser at regjeringspartiet har eit lite forsprang. Resultata vart framleis talte, og det er uvisst når det endelege svaret er klart.

SWAPO, som står for South West Africa People's Organization, har vunne alle val i Namibia sidan landet vart sjølvstendige frå Sør-Afrika i 1990. Førre val fekk partiet 75 prosent av stemmene. Partiet hadde sitt utspring i Namibias kamp mot apartheid og kolonialisme.

Som i mange afrikanske land er det først og fremst innanfor regjeringspartiet at dei hardaste kampane vert kjempa, og ikkje mellom partia.

Misnøye kan gagne opposisjonen

Men i Namibia er det også misnøye rundt økonomiske og sosiale spørsmål å spore, og særskild misnøye med ei skeiv fordeling av landets ressursar. Det er difor venta at opposisjonen i årets val kan ta litt innpå det store forspranget som SWAPO har.

– Me vil sjå at våre leiarar, uansett kven det blir, ser på våre leveforhold, våre vegar som er utan asfalt, også treng me hjelp til dei som vil skape handel, sa den 39 år gamle åleinemora Gredula Nashima til nyheitsbyrået AFP før valet.

Det har tidlegare blitt gjennomført prøve-e-val i Afrika, men aldri like omfattande som i Namibia. Dermed har dei slått Noreg med god margin. Her til lands vart e-val for første gong testa ut i ti kommunar. Men i Noreg kunne man stemme heimanfrå, i Namibia måtte ein derimot møte opp i vallokalet.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt