Hopp til innhold

USA vil gi klasevåpen til Ukraina

I fjor kritiserte amerikanarane Russland for å bruke klasevåpen i krigen. No stadfestar Det kvite hus at dei vil gi slike våpen til Ukraina.

Klasebomber på ei tralle blir frakta over ein flyplass. Jagarfly i bakgrunnen.

Klasevåpen har allereie blitt brukt av både Russland og Ukraina, og ført til sivile tap på begge sider.

Foto: US NAVY / Reuters

Under Vietnamkrigen sleppte USA ned mange millionar klasebomber. Over 400.000 tonn til saman. Fleire tusen sivile blei skada og drepne.

Tidlegare i år bad Ukraina vestlege allierte om det same våpenet.

Då svarte Natos generalsekretær Jens Stoltenberg at alliansen ikkje leverte slike våpen. Statsminister Jonas Gahr Støre sa at det var heilt uaktuelt.

Fredag stadfestar Joe Bidens tryggingsrådgjevar, Jake Sullivan, at dei vil etterkome førespurnaden frå Ukraina.

– Å sende klasevåpen til Ukraina er det rette å gjere. Det var ei avgjerd som var samrøystes, men det var ikkje ei enkel avgjerd, seier han ifølge Reuters.

Det til trass for at dei i fjor kritiserte Russland for å bruke klasevåpen i krigen mot Ukraina.

– Vi har sett rapportane. Viss det er sant, ville det potensielt vore ei krigsforbryting, sa Biden-administrasjonen den gongen.

Dette haldningsskiftet er ikkje tilfeldig.

Ifølge amerikanske medium skjer det på grunn av at USA meiner Ukraina sin offensiv går for sakte. Dei håper at klasevåpen kan hjelpe Ukraina.

Ein mann tek bilete av to klasemissilar.

LIBANON: Israel sleppte ned 4 millionar klasebomber under krigen i Libanon i 2006. Om lag ein million blei ikkje detonert.

Foto: Mohammad Zaatari / Ap

Opp til det enkelte land

Internt i Nato er det stor usemje om klasevåpen, og om ein skal sende slike våpen til Ukraina. I februar sa generalsekretær Jens Stoltenberg at Nato verken har anbefalt eller levert denne typen våpen til Ukraina.

I eit intervju med NRK fredag, seier han det er opp til det enkelte medlemsland i alliansen å avgjere om dei vil sende slike våpen til Ukraina.

– Russland bruker klasevåpen for å drive ein angrepskrig mot eit anna land, medan Ukraina brukar klasevåpen for å beskytte seg mot ein angripar, seier han.

Norsk Folkehjelp er uroa

Våpenpolitisk rådgivar i Norsk Folkehjelp, Grethe Lauglo Østern, er uroa over at USA no har bestemt seg for å sende klasevåpen til Ukraina.

– Det vil auke talet på blindgjengarar frå klaseammunisjon. Det kjem også til å forlenge arbeidet med å rydde Ukraina for klaseammunisjon med mange år, og føre til mange lidingar, seier ho til NRK.

Grethe Østern står på eit podium.

UEINIG: Grethe Lauglo Østern meiner at USA ikkje kan garantere for feilraten til klasevåpena.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Ho fryktar avgjerda til USA skal svekke forbodet mot klasevåpen som kom i 2010, som Noreg var ei pådrivar for. Østern meiner også den norske regjeringa burde ha kome på banen då meldingane om at USA vurderte å sende slike våpen kom.

– Det har vore veldig stille dei siste dagane, både frå Utanriksdepartementet og statsministeren. Den tyske utanriksministeren har vore ute og sagt at dei er imot denne overføringa.

Etterlyser norsk reaksjon

Generalsekretær i Flyktningehjelpen, Jan Egeland, har tidlegare blant anna vore statssekretær i Utanriksdepartementet, visegeneralsekretær i FN og direktør i Human Rights Watch.

Han er uroa for bruken av klasevåpen i Ukraina, og dei følgene dette vil få.

– Klasevåpen blir liggande igjen. Barn og sivile vil gå på dei lenge etter at krigen er over. Det er i klasse med landminer, som også er avskyelege. Dette burde Nato, USA og Ukraina vore for gode til å bruke.

Jan Egeland

Jan Egeland

Foto: Wakil Koshar / AFP

Også han etterlyser reaksjonar frå norske styresmakter.

– Det har vore påfallande stille, men det er ingen tvil om at Noreg må komme veldig raskt med å vere veldig mot dette. det er ikkje slik at norsk politikk er å kikke på kva Washington meiner og så ta same standpunkt, seier han til NRK fredag kveld.

Også han viser til rolla Noreg spelte i arbeidet med å få i stand forbodet mot klaseammunisjon.

– Eg hugsar godt frå tida mi i UD at Noreg var leiande i å få i stand eit forbod mot landminer, og sidan spelte Noreg ei avgjerande rolle med dåverande statsminister Stoltenberg og utanriksminister Støre i få vedteke forbodet mot klasevåpen.

NRK har fredag kveld bede om ein kommentar frå Utanriksdepartementet og Statsministerens kontor, men har ikkje fått svar enno.

Kontroversielt våpen

Mange av bombene som USA sleppte ned under Vietnamkrigen, hamna i Laos, der Norsk Folkehjelp framleis, 70 år etter, finn klasebomber.

I 2008 gjekk Noreg i bresjen for eit forbod mot klasevåpen, og er eit av 111 land som til no har ratifisert avtalen som forbyr å produsere, lagre og selje klasevåpen.

Avtalen, som tredde i kraft i 2010, er ikkje signert av verken Ukraina, Russland eller USA.

Under krigen i Ukraina har begge partar tatt i bruk klasevåpen. Det har ført til sivile tap på begge sider, ifølge Human Rights Watch. Desse bombene kan i tillegg ramme sivile i mange år framover.

Jens Stoltenberg signerer eit dokument på ein scene.

NOREG I FRONT: Tidlegare statsminister Jens Stoltenberg signerer FN-konvensjonen om klasevåpen i 2008. Noreg var ein sterk pådrivar for lova.

Foto: Lise Åserud / NTB

Ansvar gjennom FN-konvensjonen

Alle land som har signert FN-konvensjonen, har gjennom artikkel 21 eit ansvar for å hindre at klasevåpen blir brukt, også i land som ikkje er bundne til konvensjonen.

Land skal gjere sitt beste for å hindre at land som ikkje er ein del av avtalen, ikkje brukar klaseammunisjon.

I 2011 prøvde USA, saman med mellom anna Russland, å regulere konvensjonen. Dei ønska at det skulle bli lovleg å bruke klasevåpen som har ein feilrate på opptil 1 prosent.

Reguleringa gjekk ikkje gjennom, men USA batt seg likevel til å ikkje bruke klasevåpen med ein feilrate på over 1 prosent. Tidlegare president Donald Trump gjorde eit unntak frå lova og sende klasevåpen til Sør-Korea.

No skal det altså skje på nytt.

Høyr også:

SISTE NYTT

Siste nytt