Hopp til innhold

USA til Nord-Korea: Slepp fri amerikansk student

USA skuldar Nord-Korea for å fengsle ein amerikansk student av politiske grunnar, og krev at han skal bli lauslaten straks.

NORTHKOREA-USA/STUDENT Otto Frederick Warmbier, a University of Virginia student who was detained in North Korea since early January, is taken out of North Korea's top court after being sentenced, in Pyongyang, North Korea

DØMD: Høgsterett i Nord-Korea har dømd 21 år gamle Otto Warmbier til 15 års straffarbeid.

Foto: KYODO / Reuters

Onsdag vart 21 år gamle Otto Warmbier dømd til 15 års straffarbeid i Nord-Korea for forbytingar mot staten. Den amerikanske studenten har vedgått at han stal ein politisk plakat frå hotellet han budde på då han var i Nord-Korea i januar.

No skuldar USA Nord-Korea for å bruke amerikanske statsborgarar som brikker i eit politisk spel.

– Vi oppmodar den nordkoreanske regjeringa om å gje han nåde og amnesti, og frigjere han med det same, seier talsmann for Det kvite huset, Josh Earnest.

Spent forhold

Menneskerettsorganisasjonen Human Rights Watch seier til nyheitsbyrået AFP at det er sjokkerande at straffa for tjuveri av propagandamateriale er så hard.

Observatørar AFP har sakka med seier den strenge dommen truleg kjem som følgje av den spente situasjonen mellom Nord-Korea og resten av verdssamfunnet akkurat no. Dei siste månadene har Nord-Korea gjennomført atomprøvesprenging og rakettestar.

Sia då har USA hatt ei leiande rolle i å forme ut harde sanksjonar mot Nord-Korea.

Skjerpar sanksjonane

No skjerpar Obama straffetiltaka mot Nord-Korea. I eit dekret varslar den amerikanske presidenten nye, robuste sanksjonar.

– USA og verdssamfunnet tolererer ikkje dei ulovlege kjernefysiske- og ballistiske rakettaktivitetane til Nord-Korea, og vi vil halde fram med å gjere det kostbart for dei heilt til dei held sine internasjonale pliktar, seier talsmann Josh Earnest.

Detaljane i sanksjonane er ikkje kjende.

Åtvarar mot å reise til Nord-Korea

Otto Warmbier er ein av tre nordamerikanarar som no er fengsla i Nord-Korea. Nyleg vart ein 60 år gamal kanadisk pastor dømd til straffarbeid på livstid for å ha drive undergravande virke.

Det amerikanske utanriksdepartementet rår amerikanske statsborgarar mot alle reiser til Nord-Korea, og åtvarar spesielt mot faren for å bli arrestert, skriv AFP.

NKOREA-US-STUDENT-COURT-UNREST

BRAUT SAMAN: Otto Warmbier braut saman då han vart dømd til 15 års straffarbeid.

Foto: KCNA / Afp

SISTE NYTT

Siste nytt