Hopp til innhold

USA støttar sanksjonar mot Kviterussland

USAs president Joe Biden fordømmer det han kallar Kviterusslands uhyrlege tvungne landing av eit passasjerfly på veg mellom to EU-land. Mora til den arresterte seier han er ein helt.

Joe Biden

President Joe Biden seier Kviterussland må stillast til ansvar og varsla at USA kjem med «passande» tiltak mot Kviterussland.

Foto: Evan Vucci / AP

– Denne uhyrlege (outrageous) hendinga og videoen som herr Protasevitsj ser ut til å ha vorte tvinga til å stille opp på, er skammelege angrep både mot politiske dissidentar og pressefridommen, seier Biden.

Regimekritikaren Roman Protasevitsj sa i ein video som styresmaktene publiserte måndag, at han er skuldig i å ha eggja til opptøyar og hat.

Den hviterussiske regimekritikeren Roman Protasevitsj "tilstår" på video.

Regimekritikaren Roman Protasevitsj «tilstår» i videoen som vart publisert måndag.

Videoen vart publisert etter at han hadde vorte arrestert og ført bort frå eit Ryanair-fly som var på veg frå Aten til Vilnius søndag.

– Eg ønskjer velkommen nyheita om at EU tek til orde for målretta økonomiske sanksjonar og andre tiltak. Eg har bede staben min om å leggje fram passande alternativ for å stille dei ansvarlege til ansvar, seier Biden.

– Ein helt

Mora til Protasevitsj seier ifølgje Sveriges Radio at sonen er ein helt. No håper ho på støtte frå det internasjonale samfunnet slik at sonen blir sett fri.

Det tok eitt døger før foreldra fekk vite kvar sonen var.

Faren, som har vore yrkesoffiser i rundt 30 år, mista både titlar og jobb på grunn av sonens journalistiske arbeide. De var ikkje einige i sonens vurderingar då han demonstrerte som 16-åring, seier mora. Men då sonen vart kasta ut av skulen, trass i toppkarakterar, endra dei syn.

– Det er absurd at noko slikt kan skje i sentrum av Europa, seier faren, Dimitri. Han trur at det var fleire enn kviterussisk etterretning som var informert om kva som skulle skje.

Foreldra bor no i eksil.

Angela Merkel forlater EU-toppmøtet i Brussel 25. mai

Forbundskanslar Angela Merkel på veg ut av EU-toppmøtet i Brussel i natt.

Foto: Olivier Hoslet / AP / nTB

EU: Det var ei kapring

Leiarane for dei 27 EU-landa vedtok måndag kveld å stengje EUs luftrom for kviterussiske flyselskap.

EU-leiarane kallar den tvungne omdirigeringa og landinga for ei flykapring. I ein fråsegn ber EU om at Protasevitsj blir lauslaten umiddelbart. Dei har og vedtatt å innføre sanksjonar mot tenestemenn som var involverte i operasjonen.

Flyet vart tvinga til å lande i Kviterusslands hovudstad Minsk av kviterussiske jagarfly, to minutt før det kryssa inn i litauisk luftrom. Styresmaktene i Minsk sa det var ein bombetrussel frå Hamas mot flyet, men inga bombe vart funne.

Held seg unna luftrommet

SAS, Air France, Finnair og Singapore Airlines sluttar seg til fleire andre flyselskap og vil inntil vidare halde seg unna kviterussisk luftrom.

Flyselskapa kunngjorde dette etter at EU måndag kveld oppmoda europeiske flyselskap til å unngå luftrommet.

Generalsekretær i Nato, Jens Stoltenberg, sa på ein pressekonferanse tysdag føremiddag den kviterussiske operasjonen var farleg og uakseptabel.

– Dette demonstrerer korleis regimet i Minsk angrip grunnleggande menneskerettar, sa han.

Stoltenberg sa at saka må verte etterforska internasjonalt og kravde at både Protasevitsj og kjærasten hans snarast må bli lauslaten.