Hopp til innhold

Ulukkessjåføren straffa sju gonger for trafikklovbrot - i år

Lastebilsjåføren som truleg forårsaka trafikkulukka i Moskva som kravde 18 menneskeliv, var hittil i år bøtelagd sju gonger for ulovlegheiter i trafikken.

18 omkom etter kollisjon i Moskva

Ei seks år gamal jente og 17 andre menneske omkom då ein lastebil dundra inn i ein rutebuss i eit vegkryss i Moskva laurdag. Lastebilsjåføren hadde sju trafikkbøter på samvitet - hittil i år.

Foto: Igor Ivashin / Ap

18 personar omkom, blant dei ei seks år gamal jente og den 38 år gamle mora hennar, i den kraftige kollisjonen mellom ein lastebil og ein buss i eit vegkryss i Moskva laurdag.

Det blei først meldt at lastebilsjåføren var blant dei omkomne, men søndag er det klart at han overlevde og får behandling på eit sjukehus. Politiet har avhøyrt mannen frå sjukesenga, og meiner han hadde skulda i krasjet.

Det er i tilfelle ikkje første gongen at den 46 år gamle lastebilføraren oppfører seg omsynslaust på vegen.

Berre i år er det registrert sju lovbrot i trafikken på rullebladet hans. Alle tilfella er straffa med bøter, ifølgje Russia Today.

Minst 14 mennesker omkom da en lastebil kolliderte med en passasjerbuss i den russiske hovedstaden Moskva i formiddag.

Ein rutebuss blei delt i to då ein lastebil svinga ut på hovudvegen utan å retta seg etter vikeplikta.

Gruslast slyngd ut mot passasjerane

Lastebilen han sat bak rattet på, tilhøyrde eit privat selskap og hadde mellombelse nummerskilt.

– Føraren av lastebilen ignorerte vikeplikta då han skulle inn på hovudvegen, og forårsaka dermed kollisjonen med bussen, opplyser ein talsmann for det russiske innanriksdepartementet, ifølgje Russia Today.

Køyretøyet var lasta med grus då den køyrde inn i bussen som blei kvesta i to i samanstøyten.

Skadane på busspassasjerane vart ekstra ille fordi store mengde grus blei slyngd inni bussen og mot passasjerane som små prosjektil.

Meir enn 60 personar vart såra, og 30 av dei blei innlagde på sjukehus etter ulukka som skjedde i forstaden «Nye Moskva», eit namn den har fått etter nyleg å ha blitt innlemma i byen.

Styresmaktene har erklært måndag som offisiell sørgjedag i Moskva.

Ein russisk politimann undersøkjer ulukkesstaden

Ein russisk politimann undersøkjer ulukkesstaden.

Foto: SERGEI KARPUKHIN / Reuters

SISTE NYTT

Siste nytt