Hopp til innhold

Ukrainas statsminister går av

Statsministeren seier han med dette vil opne for ei ny regjering for at Ukraina kan komme seg ut av det som har vore ei lang politisk krise i landet.

FILES-UKRAINE-RUSSIA-CONFLICT-POLITICS

Arsenij Jatsenjuk har vore statsminister sidan president Viktor Janukovitsj vart avsett i 2014.

Foto: CLEMENS BILAN / Afp

– Eg har bestemt meg for å seie frå meg posten som statsminister i Ukraina, sa Arsenij Jatsenjuk i ein tv-overført tale søndag.

Han peikar på presidenten i parlamentet, Volodymyr Groysman, som etterfølgar. Groysman er ein del av blokka til president Petro Porosjenko.

Avgangen vil formelt skje tysdag.

Jatsenjuk si regjering overlevde eit mistillitsforslag i februar, men to av koalisjonspartia forlét regjeringa i protest, og Det internasjonale pengefondet (IMF) har utsett ei betaling på 17,5 milliardar dollar i bistand for å presse politikarane til å løyse krisa, som statsministeren omtalar som kunstig.

– Ønsket om å endre ein person har blinda politikarane og paralysert den politiske viljen til reell endring, sa han i talen, ifølge Reuters.

Saman med president Porosjenko var det venta at Jatsenjuk skulle annonsere ei ny koalisjonsregjering neste veke.

– Vi kan ikkje la ustabilitet prege regjeringa under krig, la han til.

SISTE NYTT

Siste nytt