Hopp til innhold

Kasta glas med vatn i sinne

For andre gong på kort tid har det gått heitt føre seg i Ukrainas nasjonalforsamling.

Mikheil Saakashvili, tidlegare president i Georgia, no guvernør i Odessa, vart ikkje godt motteken i den ukrainske nasjonalforsamlinga måndag.

Innanriksminister Arsen Avakov vart så provosert over det han kallar ein hysterisk oppførsel frå Odessas nye guvernør, Mikheil Saakashvili, at han kasta eit glas vatn mot han på eit møte i det ukrainske parlamentet måndag.

Saakashvili: – Har aldri sett slik oppførsel

Opptakta skal vere at Avakov utfordra guvernøren på at han skal ha gjort tilnærmingar mot ein russisk oligark om privatisering av ein stor kjemisk fabrikk, skriv nyhendebyrået Ap.

Guvernøren, som også er tidlegare president i Georgia, var på si side sjokkert over både Avakov og statsministeren sin oppførsel.

– Statsministeren kalla meg ein besøkande utøvar, sa at eg burde kome meg ut av landet, og eg vil ikkje gjenta resten av den møkka han lirte av seg. Eg har sett mange statsministrar og presidentar, også i uformelle situasjonar. Men på eit møte på dette nivået, med presidenten og heile regjeringa til stades, har eg aldri sett slik oppførsel, seier han til The Guardian.

UKRAINE-RUSSIA-CRISIS-POLITICS-GEORGIA

KONTROVERSIELL: President Petro Porosjenko med sin nyslåtte Odessa-guvernør, Mikheil Saakashvili i Kiev 1.juni. Saakashvili har sjølv fått fleire tiltaler om korrupsjon og maktmisbruk mot seg frå si tid som president i Georgia.

Foto: MYKOLA LAZARENKO / Afp

Det var i mai at president Petro Porosjenko utnemnde Saakashvili til guvernør i kystbyen ved Svartehavet. Saakashvili har i ettertid hamna på kant med statsminister Yatsenyuk, og har offentleg skulda han og hans medarbeidarar for korrupsjon.

Ikkje første gong

Også sist veke oppstod det bråk i parlamentet då ein av representantane løfta statsministeren av podiet idet han talte til forsamlinga. Slike episodar har opprørt mange ukrainarar som håpte på betre tider i ukrainsk politikk etter fjorårets Maidan-protestar.

– Slike gateslagsmål er ein skam for landet, sa ein talsmann for presidenten på Facebook tysdag.

PARLIAMENT-GOVERNMENT-UKRAINE-POLITICS

VART LØFTA AV PODIET: Statsminister Arsenij Jatsenjuk vart midtpunkt for nok ein dramatisk episode i parlamentet sist veke då han skulle legge fram ein årleg rapport.

Foto: SERGEI SUPINSKY / Afp

Samstundes ber fleire representantar Porosjenko om å ta stilling til regjeringa, som har sviktande støtte.

– Ein guvernør kan ikkje skulde statsministeren for korrupsjon og behalde posten sin. Om han gjer det, betyr det enten er sant eller at folk er redde for han, eller at dei brukar han, og la til at det verkar som presidenten brukar Saakashvili, og at statsministeren er redd for han.

SISTE NYTT

Siste nytt