Hopp til innhold

Ukraina krev svar frå Biden om Zelenskyj-kommentar

Ukraina krev ei forklaring etter at USAs president Joe Biden sa at Volodymyr Zelenskyj ikkje tok USAs åtvaringar om eit russisk angrep på alvor.

Joe Biden snakker med pressefolk i Los Angeles 11. juni 2022

Etter møtet i Los Angeles vart president Joe Biden beden om å utdjupe påstandane sine.

Foto: Evan Vucci / AP

På eit møte i Los Angeles fredag sa Biden at Zelenskyj ikkje ville høyre på dei amerikanske åtvaringane før den russiske invasjonen 24. februar.

– Eg veit at mange meinte at eg overdreiv. Men eg visste at vi hadde nok data til å byggje opp under vurderinga, sa Biden.

– Russlands president ville gå over grensa. Det var ingen tvil, og Zelenskyj ville ikkje høyre på det, og det ville mange andre heller ikkje. Eg forstår det, men han gjekk inn, sa Biden.

Sinne i Ukraina

Den kommentaren «treng heilt klart ei forklaring», seier talsmannen for det ukrainske presidentkontoret, Serhij Nykyforov til nyheitsbyrået AFP.

Han legg til at Zelenskyj fleire gonger bad Ukrainas partnarar innføre sanksjonar for å tvinge Russland til å trekkje tilbake styrkane frå grenseområda

USA slo alarm om Russlands krigsførebuingar langs grensa lenge før president Vladimir Putin kunngjorde sin «spesialoperasjon» mot Ukraina.

Men tilliten til USAs etterretning var ikkje stor etter Irak-krigen og Talibans overtaking i Kabul. Åtvaringane vart møtte med skepsis i mange land, som meinte at USA overdreiv.

USA åtvara 13 dagar før åtaket

11. februar gjekk USAs utanriksminister Antony Blinken ut og sa at «vi befinner oss i eit tidsvindauge der ein invasjon kan begynne når som helst». Det var medan OL gjekk føre seg i Beijing. Sama dagen bad Biden alle amerikanske borgarar om å forlate Ukraina.

Samstundes var det fredssamtalar i Berlin mellom Ukraina, Russland, Frankrike og Tyskland. Etter møtet sa Andrii Yermak, stabssjef for Ukrainas president, at han var optimist og håpte at samtalane kunne halde fram.

13 dagar seinare sette Putin i gang spesialoperasjonen sin.

SISTE NYTT

Siste nytt