Hopp til innhold

Ukjent kvinne død – funn av giftig og eksplosivt pulver

Ei ung kvinne vart funnen død på eit rom i ein vandrarheim i Göteborg i går. Ein pose med det som kan vere det eksplosive og giftige stoffet natriumazid vart funne ved sida av henne.

Slottskogens vandrarheim i Göteborg.

Det var inne på denne vandrarheimen i Göteborg at ei ung kvinne vart funnen død i går kveld.

Foto: Henrik Brunnsgård/tt Nyhetsbyrån / NTB scanpix

Morten Gunneng, vakthavande befal ved Göteborgspolisen, seier til SVT at det stod natriumazid på posen pulveret var i. Han seier at dei ikkje kan vere sikre på innhaldet før det er analysert. Eitt einaste gram av natriumazid kan vere dødeleg, seier ekspertar.

Politiet sende ei bombegruppe til staden då pulveret vart funne, etter at dei først trudde det var snakk om eit narkotisk stoff.

Livsfarleg stoff

Natriumazid blir blant anna brukt i kollisjonsputer i bilar og i evakueringssklier på fly. Det er med på å blåse opp putene raskt ved ein krasj. Å puste inn pulveret, få det på huda eller i kroppen kan vere livsfarleg, og stoffet er svært eksplosivt.

– Det påverkar kroppen gjennom fall i blodtrykket, krampar og medvitsløyse. Det er ein risiko for alvorlege symptom allereie ved eitt gram, seier overlege Mark Personne til SVT.

Den døde kvinna er i 30-årsalderen og er frå Göteborg, melder SVT. Politiet seier dei ikkje vil gå ut med meir informasjon no fordi dei pårørande ikkje er informerte enno. Kvinna var åleine på rommet då ho vart funnen, og politiet prøver no å finne ut om ho kan ha hatt besøk.

Ventar på dødsårsaka

Politiet jobbar no med å finne ut kva som er dødsårsaka. Det blir gjennomført ei rettsmedisinsk undersøking. Men resultatet av denne blir tidlegast klart i neste veke.

I tillegg er innhaldet i posen sendt til analyse. 19 personar som kan ha vore i kontakt med stoffet inne på overnattingsstaden er tekne til sjukehus for undersøking.

Han gjer det klart at det kan ta fleire dagar før analysane av stoffet ligg føre, men dei første testane tyder på at pulveret kan vere natriumazid. Posen med stoffet er sendt til Nationellt forenciskt centrum for analyse.

SISTE NYTT

Siste nytt