Hopp til innhold

Utanriksminister Eide: – Åtvarar Iran mot å angripe Israel

Noreg åtvarar sterkt Iran mot å bidra til ei opptrapping av konflikten. UD ber nordmenn i Israel vere forsiktige.

Espen Barth Eide

Utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) i Helgemorgen.

Foto: Johanna Hauge / NRK

– Eg har lenge vore svært uroleg for ein større krig i Midtausten. Iran jobbar gjennom Hizbollah, Hamas og houthiane, men har så langt ikkje vore i direkte konfrontasjon med Israel.

Det sa utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) i programmet Helgemorgen laurdag.

Fredag kveld sa den amerikanske presidenten, Joe Biden at det er sannsynleg at Iran vil angripe Israel «før eller seinare».

På spørsmål om kva bodskapen hans til Iran er, svarte han:

– Ikkje gjer det!

Bakgrunnen for den siste utviklinga i konflikten, er at sju medlemmer i den iranske revolusjonsgarden blei drepne i eit angrep mot det iranske konsulatet i Damaskus i Syria 1. april.

Iran's Supreme Leader Ayatollah Ali Khamenei speaks during a meeting in Tehran

Den øvste leiaren i Iran truar Israel etter eit angrep på det iranske konsulatet i Syria.

Foto: WANA NEWS AGENCY / Reuters

– Har fordømt israelsk angrep i Damaskus

Iran meiner Israel står bak angrepet. Den øvste leiaren i Iran, Ali Khamenei sa onsdag at Israel må og vil bli straffa for det.

Israel vil svare direkte dersom det kjem eit angrep frå Iran, sa forsvarsminister Yoav Gallant torsdag, etter å ha snakka med den amerikanske kollegaen sin, Lloyd Austin.

Nødetatene jobber på stedet etter et luftangrep i Damaskus 1. april 2024.

Naudetatane jobbar i ruinane etter angrepet i Damaskus 1. april.

Foto: Omar Sanadiki / AP

– Etter at Israel angreip det iranske konsulatet i Damaskus, har Iran sagt at dei vil reagere, og heile verda ventar med uro på det, seier Eide. Og han legg til:

– Vi åtvarar sterkt Iran mot frå å bidra til opptrapping. Vi har, saman med mange nærståande land, fordømt det israelske angrepet på konsulatet. Det er brot på all protokoll for diplomatisk verksemd. Men det bør ikkje bli et argument for ein hemnaksjon som kan gjere ting verre, seier Eide.

Les også USA ber naboland roe ned spenningen mellom Israel og Iran

Iran's Supreme Leader Ayatollah Ali Khamenei speaks during a meeting in Tehran

Anonyme kjelder med god kjennskap til amerikansk etterretning fortel til CNN at Iran den siste tida har flytta rundt på militære ressursar, blant anna dronar og kryssarmissilar. Ei av kjeldene fortel at så mange som 100 missil er blitt klargjort. Opplysningane er ikkje stadfesta av andre kjelder.

PENTAGON: Israel sin forsvarsminister Yoav Galant i møte med USA sin forsvarsminister Lloyd Austin i Washington.

Den israelske forsvarsministeren, Yoav Gallant (til venstre) i eit tidlegare møte med USAs forsvarsminister Lloyd Austin (t.h.).

Foto: AP

Laurdag ettermiddag melder det statlege iranske nyheitsbyrået Irna at Iran har borda eit konteinarskip nær av Hormuzstredet. Ifølgje Irna at skipet Aries ført inn i iransk farvatn, og viser til at skipet er eigd av israelske interesser.

Åtvarar norske borgarar

Fredag ettermiddag skreiv Utanriksdepartementet i ei oppdatert melding at det kan vere auka risiko for eit iransk angrep mot Israel dei kommande dagane.

I meldinga viste UD til informasjon frå det amerikanske utanriksdepartementet som er referert i israelske medium.

Etter Hamas sitt angrep på Israel 7. oktober i fjor har UD sitt råd til norske borgarar vore at dei ikkje bør reise til Israel med mindre det er strengt nødvendig.

– Angrepet på Israel frå Hamas i Gaza 7. oktober 2023 har forverra tryggleiken i landet. Situasjonen i Israel er alvorleg og uføreseieleg, skreiv UD.

UD: – Ver forsiktige!

I reiserådet skriv UD at tryggingsnivået er heva i Israel, først og fremst i områda nær Gazastripa, men også ved Golan på grensa mot Syria. UD ber folk vere forsiktige i grenseområda mot Egypt og Libanon.

Departementet oppfordrar også norske borgarar til å halde seg oppdaterte gjennom lokale medium, gjere eigne tryggingsvurderingar og følgje råd frå lokale styresmakter.

– Dersom demonstrasjonar og valdelege samanstøytar bryt ut, bør du forlate staden straks. Der det er avgrensa høve til å forlate området kan butikkar eller restaurantar brukast som mellombels tilfluktsstad, ifølgje UD sitt råd.

Tyskland og Austerrike ber innbyggjarane sine om å forlate Iran på grunn av at auka fare for opptrapping av konflikten.

Det australske flyselskapet Qantas omdirigerer flygingane mellom Perth og London for å unngå iransk luftrom. Også KLM endrar rutene sine, slik at dei ikkje lenger går over Israel og Iran.

SISTE NYTT

Siste nytt