Klokka er halv sju om morgonen. Norsk straum bidreg til at 140 kyr mjølkar.
– Mjølkeroboten går dag og natt, fortel mjølkebonde Manfred Boll.
Han og andre tyske bønder må leve med høge straumprisar. Det er ein vinter med mangel på både elektrisitet og gass i Tyskland.
Boll er også borgarmeister i vesle Nortorf-Wilstermarsch med 850 innbyggarar i delstaten Schleswig-Holstein.
Norsk hjelp
Landskapet er dekka av vindmøller og solcelle-farmar. 800 meter bak låven til Boll står ei stor grøn bygning. Det er transformatoren til Nordlink, sjøkabelen som kjem frå Noreg.
Boll fortel at det er stort behov for kraft når tyskarane skal kvitte seg med atom og kolkraft.
– Vi ynskjer alle det grøne skiftet, det er klart. Og difor må dei sette transformatorstasjonen ein plass og den er no hjå oss. Og den fungerer fint! seier borgarmeister Boll.
Han kan også glede seg over at den vesle kommunen hans får viktige skatteinntekter frå stasjonen som vart opna av Erna Solberg og Angela Merkel i fjor.
Overraska over krisehjelp til norske bønder
Boll blir overraska når NRK fortel at hans norske bondekollegaer no får krisehjelp for å betale straumrekningane sine. Den norske straumkrisa har han ikkje høyrt om før.
– Det hadde eg ærleg tala ikkje venta og eg kan ikkje forstå det. Eg tenkjer at nordmenn ikkje er spesielt glade for dette, seier Boll og ler litt undrande.
Er klar for å ta imot meir norsk straum
Boll tek oss med for å sjå på Nordlink stasjonen. Ein kabel fleire norske økonomar meiner fører til høgare straumprisar i Noreg.
Straumen har nemleg hovudsakleg gått ein veg. Frå Noreg til Tyskland. I fjor kom 4,4 TWh straum inn her frå Noreg, medan berre 1,1 TWh gjekk andre vegen.
Dette fordi straumprisen stort sett har vore høgare i Tyskland enn i Noreg. Det har bidrege til å presse opp prisane for norske straumkundar, som i praksis byr på den straumproduksjonen som er attende. Og påverknad på norske straumprisar kan bli enda større framover.
Større mottakskapasitet
Ved sidan av blir det reist ein ny transformatorstasjon. Boll fortel at dette vil gjere det mogleg å sende straum til Sør-Tyskland gjennom ein ny kabel kalla Suedlink.
– Om seks år vil dette truleg bli det største straum-omlastingspunktet i Tyskland, fortel han.
Tyske Der spiegel skriv i ein artikkel at sjøkabelen gjer det mogleg for Tyskland å bruke Noreg som batteri. Altså, overskotsstraum kan bli lagra i norske vassmagasin, for så å bli sendt tilbake på vindstille dagar.
Og norsk vasskraft er populært.
Norsk vasskraft brukt i reklame for tysk jernbane
På heimesidene til Deutsche Bahn står det å lese at «vasskraft er vår drivkraft.» Selskapet ynskjer å satse på straum frå tysk og norsk vasskraft for å bli klimanøytrale innan 2038.
Eit ledd i denne planen er å bruke vasskraft frå Mågeli vasskraftverk i Odda kommune. Dette vil dekke energibehovet til 40.000 tog kvar dag i ei veke.
Dette vil spare utslepp på 146.000 tonn CO₂ i året, og det som har gjort dette mogleg er Nordlink-kabelen, skriv Deutsche Bahn på sine heimesider.
Selskapet vil ikkje kommentere dette ytterlegare til NRK, men viser til artiklar der dei fortel at dei er den største forbrukaren av grøn straum i Tyskland.
Tyskland ynskjer fleire straumkablar – avviser forhandlingar
Førre veke var statsminister Støre i Tyskland. Der han blei høgtideleg motteken av forbundskanslar Olaf Scholz.
Støre deltok samtidig på ein energidebatt saman med statssekretær Patrick Graichen i det tyske nærings- og klimadepartementet.
I samband med dette fekk Graichen spørsmål om det var rom for reforhandling av avtalen om kraftutveksling mellom Noreg og Tyskland over Nordlink.
Dette avviste han som ei utvikling i feil retning. Graichen ynskjer heller meir vindkraft offshore og fleire kablar.
På spørsmål frå NRK avviste Graichen at det grøne skiftet i Tyskland fører til høgare straumprisar i Noreg:
– Den tyske fornybar energi politikken er ein sikkerheitsventil mot høgare prisar. For det vi ser no er høge gassprisar på grunn av manglande leveransar av russisk gass. Svaret på dette er å få fortgang i overgangen til grøn energi, sa Graichen til NRK.
Statsminister Støre avviste også at det er norske straumforbrukarar som skal ta rekninga for det grøne skiftet i Tyskland:
– Min jobb er å sørge for at norske straumkundar kan betale rekningane sine utan å bli ruinerte. Men løysinga er ikkje å kutte oss av landa rundt oss, det gir oss føreseielegheit når det er tørre år og ustabilitet heime.
– Vi må ha straum!
Tilbake i Schleswig Holstein viser borgarmeister Boll oss eit nedlagt atomkraftverk. Ved nyttår stengde Tyskland tre av sine seks siste atomkraftverk. Dei tre siste skal etter planen bli stengt i slutten av 2022.
Internt i EU står Tyskland i spissen for dei landa som ikkje ynskjer å rekne atomkraft som «grøn».
Vi stoppar ved det lågaste punktet i Tyskland. Eit åtte meter høgt dike har gjort det mogleg for folk å busette seg og dyrke opp jorda i området.
– Forfedrane våre byrja å bygge dette diket med handmakt for om lag tusen år sidan, fortel Boll.
Eit skilt viser dei vasstanden under dei største flaumkatastrofane i moderne tid. Enno har ikkje vasstanden nådd over åtte meter, noko som vil føre til ei utenkjeleg naturkatastrofe.
Alle hugsar storflaumen i 1962 då 300 menneske omkom i Hamburg.
Difor tek folk i området klimautfordringane på høgste alvor. Men borgarmeisteren vedgår det er krevjande å finne gode løysingar.
– Vi MÅ ha straum! Og den må kome frå ein plass. For tida har vi lite vind og sol. Så vi kjøper kolkraft frå Tsjekkia, og atomkraft frå Frankrike. Det vil ei eigentleg ikkje gjere, fortel han.
Da er det godt å ha ein sjøkabel til Noreg bak låven.