Hopp til innhold

Flyplass i Hamburg opna etter gisselsituasjon

Flyplassen i Hamburg opna søndag ettermiddag etter å ha vore stengd i over 18 timar. Ein væpna mann køyrde forbi sperringar og tok seg inn på flyplassen.

En mann pågripes av politiet på flyplassen i Hamburg etter å ha holdt sin egen datter som gissel i en bil ute på flyoppstillingsplassen.

Mannen vart gripen av politiet laurdag ettermiddag.

Foto: FABIAN BIMMER / Reuters

Mannen køyrde inn på området og parkerte under eit fly laurdag ettermiddag. Med seg i bilen hadde han si eiga dotter.

Flyplassen var stengd også søndag morgon.

Like før klokka 14.30 søndag ettermiddag kunne politiet opplyse at situasjonen var over.

Mannen hadde forlate bilen saman med dottera. Han blei raskt gripen av politiet, og barnet skal vere uskadd, skriv politiet i Hamburg på X.

Flyplassen opplyser på sine nettsider at dei vil starta arbeidet slik at fly på nytt kan letta og ta av. Rundt klokka 18 var flyplassen opna for trafikk igjen. Reisande må rekna med fleire kansellerte og forseinka fly også utover dagen søndag.

Store ressursar

Politiet i Hamburg bekrefta laurdag kveld at dei var på flyplassen med store ressursar og at det er snakk om ein «pågåande gisselsituasjon» og at dei er i kontakt med mannen i bilen.

– Ein væpna mann braut seg gjennom ein port med bilen sin og skaut i lufta to gonger, seier ein talsmann for føderalt politi til Die Welt laurdag kveld.

Flyplassen melde sjølv på nettsidene sine laurdag kveld at «ingen fly kan letta eller landa på noverande tidspunkt på grunn av ei politisak». Laurdag vart ei rekke flyavgangar kansellerte og 3.200 passasjerar blei ramma, skriv den tyske allmennkringkastaren NDR.

Søndag skulle flyplassen ha 286 flygingar, med totalt 34.500 passasjerar.

Bevæpnet mann på flyplassen i Hamburg

Væpna mann på flyplassen i Hamburg.

Den tyske avisa Bild melder at den væpna mannen blei observert på flyplassen like etter klokka åtte.

Ein video publisert på X av Bilds journalist, viser fleire væpna politifolk på flyplassen.

Rett før klokka 01 melder tysk politi at dei evakuerer alle fly der det framleis er menneske om bord. Terminalane er allereie evakuerte.

Held eiget barn som gissel

Avisa skriv at den væpna mannen har eit barn i bilen.

Kona skal ha fortalt politiet at ho fryktar at mannen ville bortføra borna.

Nødetatene i innstas i Hamburg

Naudetatar på flyplassen i Hamburg.

Foto: AP

Bild og Hamburger Morgenpost skriv at mannen også skal ha kasta brennande flasker, såkalla Molotov-cocktails. Brannane blei fort sløkte av brannvesen på staden, viser bilde som nyheitsbyrået Reuters har delt.

Flyplassen i Hamburg der ein mann har køyrt inn på rullebanen.

Flyplassen i Hamburg

Flyplassen i Hamburg.

Foto: Jonas Walzberg / AP

Bilen skal ha stått parkert under eit fly. Store politistyrkar og ein forhandlar kom på plass på staden, ifølgje Bild.

Det er ikkje meldt om skadde personar.

SISTE NYTT

Siste nytt