SSB: Bustadprisane vil auke med mellom 3 og 4 prosent i åra framover
Det anslår Statistisk sentralbyrå (SSB).
Faktorar som kan påverka bustadprisane i stor grad på kort sikt er hushaldningane sine forventingar til framtidige bustadprisar og politikkendringar.
På lenger sikt kan hushaldningane si inntekt, bustadkapital, gjeld og realrente drive prisane ned.
– Etterverknadane av den høge veksten i konsumprisane og den høge renta vil legge ein klar dempar på oppgangen i bustadprisane i åra framover, seier Thomas von Brasch i SSB.