Hopp til innhold

Twitter utestenger journalistar: Musk meiner dei «doxxa» han

Blant dei som har mista tilgang på kontoane sine er journalistar frå The New York Times, Washington Post og CNN.

FILE PHOTO: Illustration shows Elon Musk image on smartphone and printed Twitter logos

ENDRA RETNINGSLINJENE: No bryt det med regelverket å skrive kvar personar held til hen på Twitter, ifølge Musk.

Foto: DADO RUVIC / Reuters

Alle journalistane som er utestengde frå Twitter har skrive mykje om den nye eigaren, Elon Musk.

Musk seier han har gjort dette fordi journalistane har utsett han for «doxxing», og dermed sett han i livsfare.

Dette omgrepet refererer som regel til å offentleg avsløre nokon sin personleg informasjon, utan vedkomande sitt samtykke.

Dette kan dreie seg om personen si personlege adresse, arbeidsplassen deira, eller annan personleg informasjon. Musk verkar å bruke omgrepet i ein breiare forstand:

– Dei la ut min eksakte sanntidsposisjon, på sett og vis snikskyttar-koordinatar. Det er eit tydeleg og direkte brot på retningslinjene til Twitter, skriv Elon Musk.

– Å kritisere meg heile dagen lang er heilt greitt, men å «doxxe» min sanntidsposisjon og sette familien min i fare er ikkje greitt.

Alle journalistane hadde skrive artiklar om Musk si utestenging av ein Twitter-konto som følgde rørslene til privatflyet hans, som skjedde torsdag.

FILE PHOTO: Owner and CEO of Twitter, Inc. Elon Musk arrives at the 29th Annual Baron Investment Conference in Manhattan, New York City

Musk hevdar at å dele folk sin sanntidsposisjon set dei i livsfare, og har derfor stengt ei rekke journalistar ute frå plattforma.

Foto: ANDREW KELLY / Reuters

Musk har truga med å saksøke eigaren av denne kontoen, etter at det han kallar ein «galen stalker» stoppa ein bil der han trudde Musk var om bord og klatra opp på panseret.

Det var ikkje Musk som sat i bilen, men sonen hans, melder Sky News. I ettertid har privatjet-kontoen som tvitra om bilen blitt stengd av selskapet.

Selskapet opplyste kort tid etterpå at dei har endra retningslinjene sine for å avgrense tilgangen til å dele kvar folk oppheld seg hen.

Musk seier dei skal gjere ei ytterlegare endring i regelverket, som tillèt å dele posisjonar etter å ha venta ei stund, når personen det gjeld «ikkje blir sett i alvorleg fare for å bli drepen».

Kor lenge dette dreier seg om, spesifiserte han ikkje.

– Undergrev påstand om ytringsfridom

Fleire av avisene det gjeld har publisert offentlege svar på sine kontoar.

– Utestenginga av Drew Harwell sin Twitter-konto undergrev direkte Elon Musk sin påstand om at han vil styre Twitter som ein plattform dedikert til ytringsfridom, skriv sjefredaktør Sally Buzbee i The Washington Post.

– Harwell blei utestengd frå Twitter utan varsel, prosess eller forklaring, etter at han publiserte ein nøyaktig reportasje om Musk. Journalisten vår bør få kontoen sin tilbake med ein gong.

Redaktør i The New York Times, Charlie Stadtlander, sa utpå kvelden lokal tid at korkje dei eller den utestengde journalisten deira Ryan Mac hadde fått ei forklaring på det som har skjedd.

-

Tidlegare Musk-tweet om privatfly-kontoen.

Han kallar utestenginga for «kritikkverdig og uheldig», og krev at selskapet kjem med ei forklaring.

CNN skriv i sitt svar at Twitter er i aukande grad «ustabilt» og «utilrekneleg», og at dette «i aukande grad bør bekymre alle som brukar plattforma».

– Musk ser ut til å berre trampe ned kontoar som han ikkje likar, skriv Donie O'Sullivan, som er ein av dei som mista tilgang på kontoane sine, til CNN.

– Eg tenker jo på den potensielt skremmande innverknaden dette kan ha på frilansjournalistar og uavhengige journalistar.

Twitterkontoen til rivalplattforma Mastodon har også fått kontoen sin stengd.

Held avstemmingar om når dei skal sleppast inn att

Musk seier at journalistane som han skuldar for doxxing vil få sju dagars utestenging. Samtidig har han starta fleire avstemmingar frå brukaren sin.

Alternativa er «gjenopn kontoane som doxxe sanntidsposisjonen min»: «no», «i morgon», «om sju dagar» eller «lengre».

Her var dei mest populære svara «no», med 43 prosent, og «lengre» med 38-

Deretter hevda han at alternativa var for mange, og la ut ein ny. Denne var avgrensa til «no», og «om sju dagar», der umiddelbar gjenopning leia etter ein time.

Også Twitterkontoen til plattformrival Mastodon var utestengd fredag morgon.

Også Twitterkontoen til plattformrival Mastodon var utestengd fredag morgon.

Avstemmingane liknar den som gav tidlegare amerikansk president Donald Trump tilbake tilgangen sin på plattforma.

Musk har også fått kritikk frå politisk hald. Alexandria Ocasio-Cortez, som representerer New York sitt fjortande distrikt i Representanthuset, skriv:

– Du er ein offentleg figur. Ein ekstremt kontroversiell og mektig ein. Eg forstår det å føle seg utrygg, men å søkke så lågt som å misbruke makt og vilkårleg stenge ute journalistar, aukar berre intensiteten kring deg.

– Ta ein pust i bakken og gi deg med proto-fascisme. Kanskje du skal prøve å legge frå deg mobilen.

Til dette svarte Musk: «Du først lol».

SISTE NYTT

Siste nytt