NRK Meny
Normal

Folkekjær TV-vert blant dei sakna etter flykrasj

Den populære programleiaren og skodespelaren Felipe Camiroaga var ein av dei 21 passasjerane om bord i flyet som i natt styrta utanfor Chile.

CHILE-AIR-ACCIDENT-CAMIROAGA

Chile er i sjokk etter at eit fly med den populære TV-personlegdomen Felipe Camiroaga og 20 andre personar styrta natt til laurdag.

Foto: FELIPE GAMBOA / Afp

Camiroaga (44) var på veg til Juan Fernández-øyane saman med eit fjernsynsteam frå den chilenske statskanalen TVN og 16 andre då flyet styrta.

Målet med reisa var å laga ein dokumentar om gjenoppbygginga på dei chilenske stillehavsøyane etter det katastrofale jordskjelvet og tsunamien som råka store delar av Chile i februar 2010.

Jordskjelv-dokumentar

Til saman vart to millionar chilenarar råka av jordskjelvet, som målte 8.8 i styrke og var eitt av dei kraftigaste skjelva som nokosinne er registrert.

Presidenten erklærte umiddelbart seks av dei femten regionane i landet for katastrofeområde etter skjelvet. Juan Fernández-øyane var blant områda det gjekk hardast utover.

TV-personlegdomen Camiroaga var vert for det populære fjernsynsprogrammet «God morgon alle saman» og talkshowet «Animal Nocturno». Dei to siste åra har han leidd den chilenske musikkfestivalen Vina del Mar.

No skulle Camiroaga ta fatt på jordskjelvdokumentaren.

– Me er ekstremt leie oss etter det som har skjedd, seier TVN-sjef Mauro Valdez til nyheitsvbyrået AP laurdag.

CHILE-AIRFORCE/PLANE

Slektningar av dei sakna etter flykrasjet har samla seg på ein flybase i Santiago.

Foto: VICTOR RUIZ CABALLERO / Reuters

Fann kvinneklede og flydør

Det var i alt 21 personar om bord på militærflyet som tok av frå hovudstaden Santiago fredag klokka 18 norsk tid. Rundt fire timar etter avgang fekk flyet vanskar, mista radiokontakten og forsvann.

Guvernøren på Juan Fernández seier at det i løpet av natta er funne ryggsekkar, kvinneklede, sandalar og ei flydør i Stillehavet, om lag to kilometer frå flyplassen på hovudøya Robinson Crusoe. Styresmaktene fryktar at passasjerane har omkome.

– Alt tyder på at flyet styrta i sjøen og at det ikkje er overlevande etter ulukka, seier guvernøren på øygruppa, Leopoldo González til CNN Chile.

– Hardt slag for Chile

Ein annan som var passasjer på ulukkesflyet var forretningsmannen Felipe Cubillos. Han har engasjert seg i rekonstrueringa etter det tragiske jordskjelvet, og er svogeren til forsvarsministeren i Chile, Andrés Allamand.

I natt reiste forsvarsministeren og sjefen for TVN til Juan Fernández-øyane med eit Hercules 130-fly for å delta i søket etter overlevande. Ein fregatt og eit helikopter er allereie sett inn i søket.

Den chilenske presidenten Sebastian Piñera seier at tankane hans går til dei pårørande.

– Eg har medkjensle med slektningane til dei 21 passasjerane og forstår smerta og angsten dei no opplever. Dette er eit veldig hardt slag for landet, seier Piñera til TVN.

Øygruppa Juan Fernández ligg 830 kilometer vest for kysten av Chile. Øyane skal ha inspirert forfattaren Daniel Defoe til å skriva klassikarromanen Robinson Crusoe.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt