Migrantane deler seg inn i mindre grupper, og mange går til fots gjennom heile Mellom-Amerika. Fleire planlegg å gå gjennom Guatemala og Mexico for å nå USA.
Saman med fleire hundre andre har Santos Demetrio Pineda slått seg ned i ein park i byen San Pedro Sula.
Santos Demetrio Pineda
Foto: AP– Vi dreg fordi vi mista alt i orkanen i november, vi er lei oss for det som har skjedd, og no ber vi om hjelp. Vi håpar nokon vil ta imot oss, seier han.
Han og dei andre migrantane håpar at det blir lettare å få hjelp til eit betre liv når Joe Biden startar si gjerning som amerikansk president 20. januar.
Biden har tidlegare sagt at han vil gjennomgå innvandringspolitikken til avtroppande president Donald Trump.
Ei dame ber på eit barn langs ein veg i Honduras, på veg til USA. Migrantane håpar på å få eit betre liv i USA under Biden-administrasjonen.
Foto: Delmer Martinez / APTusenvis samla i Honduras
Torsdag hadde fleire tusen menneske møtt opp i Honduras, ifølgje sosiale medium og lokale medium. Same dag innleidde Biden samtalar med styresmaktene i Mexico for å diskutere utfordringane i samband med migrasjonen.
Planen er å dra vidare i løpet av fredagen.
Også mange av dei andre migrantane er her som følgje av den øydeleggjande orkanen. Andre seier at dei flyktar frå fattigdom, arbeidsløyse og gjengkriminalitet i heimlandet.
Dolores Efrain Ortega
Foto: APDolores Efrain Ortega er murar, og kjem frå byen Cofradia, nordvest i Honduras.
– Det er ingen jobb å få, sjølv ikkje for ein murar. Eg håpar å kunne få meg mitt eige hus, seier han.
I desember hadde Biden ein telefonsamtale med presidenten i Mexico, Andrés Manuel López Obrador.
Han sa då at han er innstilt på å ta tak i dei grunnleggjande årsakene til utvandringa frå El Salvador, Honduras, Guatemala og det sørlige Mexico for å sikre ein ordna og trygg migrasjon.
Tusenvis av migrantar frå Latin-Amerika planlegg å reise til USA. Fleire må gå tusenvis av kilometer for å nå grensene.
Foto: Delmer Martinez / APMå vise negativ koronatest
Dei fleste migrantane har på seg munnbind, ifølgje lokale medium. Men denne gongen blir dei pålagde å vise ein negativ koronatest ved grensene, eit krav mange ikkje greier å innfri.
- Les òg:
- Les òg:
Mot slutten av 2018 reiste fleire karavanar til grensene sør i USA. Etter det, inngjekk Trump-administrasjonen ein avtale med Guatemala, Honduras og El Salvador der landa blei erklærte trygge.
Ifølgje avtalen måtte migrantar på veg til USA søkje asyl i eitt av dei tre landa når dei kom fram. Viss ikkje kunne dei bli sende tilbake når dei nådde USA.
I 2019 gjekk Mexico med på å plassere soldatar på grensene til USA for å hindre migrantar frå å krysse grensene.
No er altså fleire tusen på veg mot USA.
Politiet i Honduras gjer seg klare til å møte migrantane på grensa til Guatemala.
Foto: Moises Castillo / AP