Dei tre vitna gjekk til politiet etter at bilete frå overvakingskameraet var publisert i avisene. Dei var ikkje i tvil om at det var 35-åringen, og dei tre er politiet sine sterkaste kort mot mannen, skriv Aftonbladet.
Dette er mannen politiet trur drap utanriksminister Anna Lindh. Men er han identisk med den fengsla 35-åringen?
Fotballkamp
35-åringen vart fengsla sist tysdag ved Råsunda stadion like utanfor Stockholm, der favorittlaget Djurgården spelte toppkamp i den svenske eliteserien mot Hammarby.
Mange i politiet er trass i at fleire vitne meiner å ha kjend igjen 35-åringen på bileta, sterkt tvilande til at dette er nok til fornya fengsling etter at varetektstida går ut førstkomande fredag. 35-åringen sin forsvarar, Gunnar Falk, seier at politiet må leggje fram noko nytt som knyt klienten hans til drapet, for at varetektsfengslinga skal bli forlengd.
Falk, som for tida oppheld seg i Belgia, kjem også med sterk kritikk mot svenske domstolar, som han meiner altfor lett går med på å varetektsfengsle mistenkte.
- Både eg og mange av kollegaene mine opplever at det dessverre er ein tendens til å fengsle ein for mykje enn ein for lite, seier han til Expressen. Gunnar Falk kjem tilbake til Stockholm onsdag kveld.
Fleire vitne
Etterforskingsleiar Jan-Erik Carlstedt seier til Dagens Nyheter at det faktum at politiet no etterlyser fleire vitne i jakta på Anna Lindhs drapsmann, ikkje betyr at etterforskinga er fastlåst. Men han gjer det klart at politiet treng meir hjelp til å kartleggje drapsmanen sin fluktveg.
Politiet etterlyser vitne som kan ha sett drapsmannen utanfor varehuset NK. (Scanpix-AP-foto)
Han seier at politiet har mange vitne frå inne på Nordiska Kompagniet (NK), men at dei manglar vitne som kan fortelje meir om kvar drapsmannen tok vegen etter at han kom ut frå varehuset.
Trass i at rundt 100 vitne har forklart seg, er det store hol i politiet sin rekonstruksjon av fluktvegen. - Vi har eigentleg ingen kunnskap om korleis gjerningsmannen kom til eller frå varehuset. Vi arbeider med alle inn- og utgangar, seier Carlstedt til Dagens Nyheter.
Dette er framfor alt viktig dersom det ikkje er mogleg å få noko ut av DNA-analysene, at ei nøyaktig kartlegging av fluktvegen kan få betydning for om drapssaka blir løyst.
Politiet trur gjerningsmannen kasta frå seg ein caps og ei hettejakke som vart funne like ved NK. Dersom det er mogleg å bevise at 35-åringen var på staden der kleda vart funne, kan det knyte han til eventuelle blodspor frå Anna Lindh.
Handavtrykk
Avisa Expressen skriv i dag at handavtrykket som vart funne i rulletrappa på NK ikkje tilhøyrer den fengsla 35-åringen. Likevel er 35-åringen politiet sitt hovudspor.
Dagsavisen skriv i dag at den svenske regjeringa vil betale 50 millionar kroner for tips som kan felle Anna Lindhs drapsmann, men at politiet ber om meir tid før dusøren blir utlovd offentleg.
Svenska Dagbladet skriv i dag at politiet ikkje har planar om nye avhøyr av den fengsla 35-åringen før torsdag. Under tidlegare avhøyr har mannen gitt mange opplysningar, som politiet no sjekkar, blant anna gjennom avhøyr av folk som kjenner han.