Hopp til innhold

Tilbakeviser ny syklon

Det er ingen teikn til at ein ny syklon er i ferd med å byggje seg opp utanfor kysten av Burma, melder Verdas meteorologiorganisasjon (WMO) no.

Lågtrykk aust i Bengalbukta
Foto: Det indiske meteorologiske institutt

Organisasjonen tilbakeviser dermed FNs åtvaringar tidlegare i dag om at ein ny syklon kunne kome til å råke Burma i løpet av det neste døgnet.

Eit tropisk lågtrykk var tidlegare i dag i rørsle sørvest for byen Rangoon.

Verdas meteorologiorganisasjon melder no at det kraftige regnet sørvest i Burma kjem til å halde fram, at vindstyrken kan kome til å auke og at det er fare for lokalt torevêr, men at det ikkje finst teikn til nokon ny syklon.

Det er ikkje meir enn to veker sidan Burma vart råka av syklonen Nargis.

LES: Hva skjedde i Burma?

Store øydeleggingar

Burma kjempar framleis med skadane etter den førre syklonen som råka landet 2. og 3. mai. Uveret førte til store øydeleggingar i Irrawaddy-deltaet.

Ifølgje FN er så mange som 100.000 menneske omkomne eller sakna, og svolt og sjukdomar truar no 1,5 millionar menneske.

- Stor psykologisk påkjenning

Meldingane om ein ny syklon var ekstremt dårleg nytt for Burma, sa talskvinna for FNs Humanitære program, Amanda Pitt tidlegare i dag.

- Dette vil ha stor negativ psykologisk effekt på mange av dei som har overlevd den førre katastrofen. Mange er framleis djupt traumatiserte, så endå ein syklon kjem til å vere totalt øydeleggjande for dei.

Juntaen skjerpar kontrollen

Dei overlevande etter den førre syklonen manglar framleis hjelp og forsyningar. Truleg får dei ikkje meir enn ein tidel den hjelpa dei treng for å overleve.

Syklonofre i Burma
Foto: AP

Samstundes nektar militærregimet i Burma utanlandske hjelpearbeidarar å jobbe i landet.

No har regimet gjort det endå vanskelegare å få tilgang til områda som vart verst råka av syklonen, ved å setje opp fleire kontrollpostar på vegane utanfor byen Rangoon.

- Det er absolutt ingen framgang når det gjeld å få utanlandske ekspertar ut i felten, seier Chris Kaye, som er leiar for FNs matvareprogram i Burma.

- Må opp på tsunami-nivå

FN meiner hjelpearbeidet må verte like omfattande som etter tsunamien i 2004.

- Vi fryktar ei ny katastrofe dersom vi ikkje raskt klarer å få på plass eit maksimum av hjelp og får til ein stor transportinnsats på linje med innsatsen etter tsunamien, seier Elisabeth Byrs, som er talsperson for FNs kontor for koordinering av humanitærhjelp.

SISTE NYTT

Siste nytt