Gates var ein av Trump-medarbeidarane som vart tiltala i kjølvatnet av etterforskinga til spesialetterforskar Robert Mueller av dei russiske forsøka på å manipulere det amerikanske valet.
Tre av dei er allereie dømde til fengsel, medan to andre, tidlegare nasjonal tryggingsrådgivar Michael Flynn og Trump-rådgivar Roger Stone, ventar på dommen.
Gates var blant dei første som vart granska. Han og Paul Manafort vart tiltala for ikkje å ha gitt opp pengane dei tente på arbeidet sitt for den tidlegare presidenten i Ukraina, Viktor Janukovitsj.
Gates fekk ein fengselsdom sjølv om han samarbeidde nært med Mueller-etterforskinga og andre granskingar.