The Guardian: – CIA varsla om trussel frå Saudi-Arabia

CIA har varsla norske styresmakter at ein arabisk menneskerettsaktivist, som bur her i Noreg, kan vere mål for saudiarabisk hemnangrep.

Iyad El-Baghdadi (t.h.).

Iyad El-Baghdadi (t.h) er flytta til ein trygg stad etter at norske styresmakter fekk melding om at han kunne vere i fare.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Palestinske Iyad El-Baghdadi er ein sterk forkjempar for demokrati i arabiske land, og han har vore ein hard kritikar av kronprins Mohammed bin Salman i Saudi-Arabia. Ifølgje den britiske avisa The Guardian melder at CIA varsla norske styresmakter om trusselen 25. april i år.

Norske tenestemenn møtte opp i heimen til El-Baghdadi i Oslo og informerte han om informasjonen frå CIA, og tok han deretter til ein trygg stad. El-Baghdadi har hatt politisk asyl her i landet sidan 2015.

– Tok det på alvor

Mohammed bin Salman

Kronprins Mohammed bin Salman av Saudi-Arabia.

Foto: Amir Levy / Reuters

– Eg forstod det slik at Saudi-Arabia er på jakt etter meg, men eg har inga aning om kva planar dei har, seier El-Baghdadi i eit telefonintervju med The Guardian. Han fortel at norske styresmakter tok saka svært alvorleg.

– Dei kom med to patruljar. Ein av patruljane sørgde for at eg kom meg til ein trygg stad, medan den andre forsikra seg om at ingen fylgde etter oss, seier han vidare.

Det har ikkje lukkast The Guardian i å få ein kommenter frå den saudiarabiske ambassaden i Washington og CIA.

Seniorrådgivar Martin Bernsen seier til NRK at PST ikkje vil kommentere kontakt med enkeltindivid, og heller ikkje kva vurderingar dei gjer rundt tryggleiken til personar.

Iyad El-Baghdadi sa i ein intervju med NRK i oktober i fjor at han ikkje kjende seg trygg for det saudiarabiske regimet . Dette var etter at den saudiarabiske journalisten Jamal Khashoggi vart drepen inne på det saudiarabiske konsulatet i Istanbul i Tyrkia. Baghdadi gjorde det klart at etter drapet at han frykta for seg og familien.

Kjende Khashoggi

Jamal Khashoggi

Jamal Khashoggi vart bortført og drepen i det saudiarabiske konsulatet i Istanbul i fjor.

Foto: Virginia Mayo / AP

I intervjuet fortel den palestinske forfattaren og skribenten at han kjende Khashoggi personleg, og at eksil-journalisten representerte eit håp for menneskerettsaktivistar. No er dette håpet borte, sa han blant anna i intervjuet.

Baghdadi har også vore ein aktiv kritikar av det saudiarabiske regimet. Han er blant anna kjent for å ha omsett regimekritiske twittermeldingar frå arabisk til engelsk og publisert dei.

I fjor skreiv Baghdadi blant anna at kronprins Salman i Saudi-Arabia ville utgjere ein stadig større fare for kritikarar, om ikkje vestlege land stilte han til ansvar for drapet på Jamal Khashoggi.

– Kjem dei unna med bortføring, så tek det ikkje lang tid før det neste steget blir attentat i hovudstadane dykkar. Og dette er på ingen måte ein spøk, skreiv han på Twitter.

– To tøffe veker

Laster Twitter-innhold

Iyad El-Baghdadi har også kommentert det som har skjedd på Twitter i dag. Her fortel han at dei to siste veke har vore tøffe, men at han håpar på at han har takla det bra.

– Eg veit ikkje kva trusselen går ut på, men noko har kome på radaren til CIA. PST har informert med om at det ikkje er ein umiddelbar trussel, seier Baghdadi til NTB.

På Twitter skriv han i dag at han takkar for all støtte frå vener som har vore urolege for han. Han legg til at han ikkje hadde gjort jobben sin, om han ikkje vart trua på livet.

Laster Twitter-innhold

Ahmed Gatnash, som er busett i Storbritannia, er ein nær ven og kollega av El-Baghdadi. Han er sikker på at trusselen er direkte relatert til arbeidet dei har gjort for å avsløre korleis saudiarabiske styresmakter arbeider for å kvele all opposisjon.

– Dei har greidd å få opposisjonen internt i Saudi-Arabia til å halde kjeft. No går dei etter folk utanfor også, seier Gatnash til NRK.

SISTE NYTT

Siste nytt