Hopp til innhold
Korrespondentbrev

Tennis, sex og politikk

Den verdskjende tennisstjerna Peng Shuai skuldar ein av Kinas mektigaste politikarar for å ha tvinga henne til sex. Historia handlar også om kjærleik, vonbrot, og svik.

Peng Shuai

SKULDINGAR: Den kinesiske tennisspelaren forsvann i nesten tre veker etter å ha lagt ut skuldingar mot topp-politikaren som no er pensjonert, Zhang Gaoli

Foto: GREG BAKER / AFP

Kanskje er eg ein møll som flyr mot flammen, men det får ikkje hjelpa. Det speler ingen rolle om det er som å kasta eit egg mot ein stein. Eg fortel sanninga om det som skjedde mellom oss.

Slik byrjar brevet den kinesiske tennisstjerna Peng Shuai (35) delte på den sosiale medieplattforma Weibo andre november.

Brevet blei tilgjengeleg for den halve millionen følgjerar ho har på Weibo, men sjølv om ho altså må ha ønskt at mange fekk lesa orda hennar, var brevet mynta på ein konkret person.

Han heiter Zhang Gaoli og er 75 år gamal, førti år eldre enn henne. Zhang er pensjonist, men var inntil nyleg ein av Kinas mektigaste politikarar.

Zhang Gaoli, da han som visestatsminister besøkte Romania i september 2014

ELSKAR: Peng Shui skriv at ho og Zhang Gaoli hadde eit forhold etter at han tvang henne til sex for tre år sidan

Foto: Octav Ganea / Ap

ELSKAR: Peng Shui skriv at ho og Zhang Gaoli hadde eit forhold etter at han tvang henne til sex for tre år sidan

Foto: Octav Ganea / Ap

Sensur

I brevet skuldar ho Zhang for å ha pressa henne til sex.

Kinesarar som leste brevet gispa. Sjeldan har ei så eksplosiv historie om ein så høgtståande politikar blitt delt til folk flest. Dei spør seg, korleis torde ho dette?

Det tok berre tjue minutt før innlegget til tennisstjerna blei fjerna av kinesisk sensur. I mellomtida var det blitt delt raskt og bredt, men innan to dagar var det likevel viska vekk frå kinesisk internett.

Folk som prøvde å formidla vidare det til andre møtte ein vegg. Det kom aldri fram til mottakaren.

Eg veit det, høgtståande visestatsminister Zhang Gaoli, at du sa du ikkje er redd. Med din IQ kjem du til å avvise dette, eller snu det mot meg, skriv Peng.

Peng Shuai, Zhang Gaoli

TENNIS OG POLITIKK: Sjeldan har ei skandale om ei så profilert idrettsstjerne og ein så høgståande politikar blitt gjort kjend i Kina

Foto: ALEXANDER ZEMLIANICHENKO] [PAUL CROCK / AFP

Toppsjiktet

Mannen ho peiker på har ikkje berre vore visestatsminister. Då Xi Jinping kom til makta i Kina i 2012 steig også Zhang i gradene. Fram til 2018 var han ein av sju medlemmar i Den ståande komiteen i Politbyrået, altså toppsjiktet i Kinas kommunistparti.

Du var alltid redd for at eg skulle ha med meg ein lydopptakar, til bruk som bevis. Det einaste beviset er meg. Det finst ingen lydopptak, ingen videoar, berre mi historie, skriv Peng.

Historia ho deler byrjar for ti år sidan. På dette tidspunktet var ho 25 år gamal og var på høgdepunktet i si karriere.

2011 var året ho markerte seg sterkt i internasjonale konkurransar og blei kåra blant verdas femten beste.

Det var på denne tida at Zhang Gaoli fatta interesse for henne. Han var partisjef i storbyen Tianjin, og det betyr at han hadde den øvste maktposisjonen i byen.

Tennisspelaren fortel at dei hadde sex, men går ikkje inn i detaljar om kva som skjedde den gongen.

Mellom linjene les me at dei hadde eit forhold i tre år, men at Zhang braut kontakten med henne då han fekk den politiske forfremjinga i Beijing.

Stående komite i Politibyrået, Kinas Kommunistparti, 2012

STÅANDE KOMITE: Zhang Gaoli har hatt ein lav profil, men har vore både medlem av Den ståande komiteen i Politibyrået, og visestatsminister (2013-2018).

Foto: CARLOS BARRIA / Reuters

Avviste

Først etter at han blei pensjonist i 2018 høyrde ho frå han igjen.

Han tok kontakt med Peng Shuai via ein tredje person og spurte om å få spela tennis med henne på eit hotell i Beijing. Då dei hadde spelt ferdig blei ho med han og kona hans heim.

Du tok meg med inn på rommet ditt. Akkurat slik som for ti år sidan i Tianjin, ville du ha sex med meg. Den ettermiddagen var eg veldig redd. Eg hadde ikkje venta at dette skulle skje, med vakthald utanfor døra, skriv Peng.

Peng Shuai i Australian Open, 25 januar 2015

IDRETTSSTJERNE: Peng Shuai var på topp i sin karriere i 2011, då ho møtte Zhang Gaoli. Her er ho i Australian Open i 2015

Foto: MAL FAIRCLOUGH / AFP

IDRETTSSTJERNE: Peng Shuai var på topp i sin karriere i 2011, då ho møtte Zhang Gaoli. Her er ho i Australian Open i 2015

Foto: MAL FAIRCLOUGH / AFP

Kven som stod vakt, blir ikkje nemnd. Peng seier at ho avviste han, men at ho deretter ikkje klarte å slutta å grina. Same dag åt ho middag med Zhang og hans ektefelle.

Då skal han ha sagt mange ulike ting for å roa henne ned. Til dømes, at «jorda berre er eit lite sandkorn i dette enorme universet, og at me menneske ikkje eingong er store nok til å utgjera eit lite sandkorn».

Peng fortel at ho etter middag avviste han igjen, men at han då sa at han hata henne. Han skal også ha sagt at han på alle desse åra ikkje hadde gløymd henne, og at han ville behandla henne fint.

Eg var redd, eg hadde panikk, men eg hadde også i meg alle kjenslene eg hadde for deg dei sju åra som var gått, så eg sa ja. Me hadde sex, skriv Peng.

Den amerikanske tennisspilleren Serena Williams er en av mange som har postet støtte-erklæringer til den kinesiske idrettsstjernen Peng Shuai

STØTTE: Den amerikanske tennisspelaren Serena Williams er ei av mange utanfor Kina som posta støtteerklæringar til Peng Shuai då ho forsvann.

Foto: Skjermdump

Sjelevenn

Tennisspelaren fortel at kjensler er kompliserte, og at det er vanskeleg å setja ord på dei. Det som etter kvart skjer er at ho blir glad i han. Peng seier ho fornyar sin kjærleik til han, og ser han som ein god person, som behandlar henne godt.

Dei har samtalar om alt mogleg, som ny og gamal historie, filosofi, og andre uendelege tema.

Dei snakkar saman i timevis, speler sjakk, syng songar, speler bordtennis, biljard og sjølvsagt tennis. Ho ser han som ein sjelevenn.

Du sa du elska meg, at du elska meg høgt, skriv Peng.

Medan dei to er blitt elskarar er Zhang framleis gift og har to vaksne born. Ifølgje Peng fortel han henne at han er einsam, at han kunne ha skilt seg om dei hadde møttest tidlegare, men at no er han blitt for profilert til det.

Tennisspelaren skriv at ho drog frå heimen sin allereie som barn, og har følt ein ekstrem mangel på kjærleik.

I byrjinga tenkte ho at ho kunne ha eit hemmeleg forhold til Zhang, men at ting endra seg undervegs.

Seremoni i Beijing som markerte at det var 100 dager til Vinter-OL

VINTER-OL: Nedteljinga til Beijing 2022 er i gang, men fleire land trugar framleis med politisk boikott. Krava om boikott blei styrkt da tennisspelaren Peng Shuai forsvann

Foto: WANG ZHAO / AFP

Ektefelle

Kona til Zhang skal ha visst om forholdet, og Peng stiller seg undrande til at ei ektefelle kunne godkjenne det. Samstundes tyder brevet på at kona ikkje var spesielt komfortabel med at mannen hadde Peng som elskarinne.

Tennisspelaren skriv om «sårande, sarkastiske og hånande kommentarar» når Zhang Gaoli ikkje var til stades.

Når eg sa at eg liker å eta andetunge, sa kona di at det er ekkelt. Om vinteren, når det er mykje forureining i Beijing, sa eg at lufta er dårleg. Då sa kona di at ho ikkje merka noko til det, så då måtte det vere mitt nabolag.

Peng samanliknar politikaren si kone med keisarinna i TV-serien «Keiserinnene i palasset», også kalla «Legenden om Zhen Huan».

Tennisspelaren fortel at Zhang bad henne halde forholdet hemmeleg. Heller ikkje mora hennar, som ofte køyrde henne til møteplassen, der ho skifta bil, visste korfor ho stadig drog heim til han. Mora trudde at ho skulle dit for å spela mahjong eller kortspel.

Situasjonen min var utoleleg. Nokre gonger lurte eg på om eg framleis var eit menneske. Eg følte meg som ein zombie, som kvar dag prøvde å vere ein annan. Kven var eg

Skjermdump av twittermelding med bilete som viser Kinas tidlegare visestatsminister Zhang Gaoli saman med IOC-presidenten Thomas Bach.

OL I BEIJING: IOC-president Thomas Bach saman med tidlegare visestatsminister Zhang Gaoli i 2016. Zhang har vore sentral i planlegginga av OL i Beijing. IOC får no kritikk for å ha lagt ut et bilete av Bach i samtale med Peng Shuai, som skal visa at ho har det bra, i etterkant av at ho forsvann.

eigentleg?

Vendepunkt

Peng skriv at ho ikkje skulle ha vore i denne verda, men at ho heller ikkje har hatt mot til å døy. At ho ville ha eit enklare liv, men at slik blei det ikkje. Ho kjenner seg som ein hyklar og som ei dårleg kvinne.

Brevet hennar tyder på at ho kom til eit vendepunkt. Om kvelden 30. oktober krangla dei. Zhang skal ha sagt at dei skulle dra heim til han og snakka roleg saman andre november, men så ringde han og sa at det måtte venta. Han skulle ta kontakt igjen neste dag.

Du blei borte, akkurat slik som for sju år sidan. Du leika med meg, og når du ikkje ville ha meg lengre, kasta du meg til side, skriv Peng.

Etter innlegget forsvann Peng i nesten tre veker, til uro og stor protest i utlandet. Krav om boikott av OL i Beijing fekk ny kraft.

Laster Twitter-innhold

Sist helg dukka Peng Shuai plutseleg opp igjen som om ingenting har hendt, i det som liknar eit offensivt propagandautspel overfor utanverda.

Også IOC la ut eit bilete av at tennisstjerna smilande hadde ei samtale med IOC-presidenten Thomas Bach.

Han blir no kritisert for å spela på lag med kinesisk propaganda. Zhang Gaoli har vore sentral i planlegging av leikane, og har fleire gonger møtt Bach.

Korleis Peng eigentleg har det, og korleis hennar framtid ser ut, er det få som veit.

Zhang har ikkje kommentert Pengs innlegg. Ho avsluttar brevet til han med ord som truleg vil svi.

Du sa alltid at du ønskte at mor di i himmelen såg til deg. Når du møter henne, etter alt du har gjort i dette livet, vil du då ha fred i din sjel?

Peng Shuai

VERDSKJEND: Peng Shuai har vore ei av Kinas beste tennisspelarar.

Foto: STR / AFP

SISTE NYTT

Siste nytt

Korrespondentmiddag i Washington. På bildet en smilende Joe Biden.

Biden spøkte med egen alder og kom med stikk mot Trump

Lørdag hadde amerikanske journalister sin årlige korrespondentmiddag med president Joe Biden. Utenfor var det store demonstrasjoner mot krigen i Gaza.